Tidlegare statsråd og sjøfartsdirektør Olav Akselsen er død

Tidlegare statsråd, stortingsrepresentant og direktør for Sjøfartsdirektoratet, Olav Akselsen, er død. Han blei berre 55 år gamal.

Olav Akselsen

DIREKTØR: Frå 2010 til 2021 var Olav Akselsen direktør i Sjøfartsdirektoratet.

Foto: Steinar Haugberg

Akselsen, som kom frå Stord, var statsråd i Olje- og energidepartementet i Stoltenberg I-regjeringa frå 17. mars 2000 til 19. oktober 2001.

Olav Akselsen ville blitt 56 år 28.august. Han etterlet seg ektefelle og tre barn. Sidan 2019 har han vore open om den alvorlege kreftsjukdomen.

Han blei første gongen vald inn på Stortinget i 1989 og hadde fram til 2009 ei rekkje sentrale verv som stortingsrepresentant.

Han var mellom anna leiar for næringskomiteen, utanrikskomiteen, justiskomiteen og leiar for Stortinget sin energi- og miljøkomite.

– Det var med stor sorg at vi fekk beskjeden om at Olav Akselsen er død, berre 55 år gamal, seier Ap-leiar Jonas Gahr Støre i ein uttale onsdag kveld.

Støre seier at Akselsen var ein politisk tungvektar i Arbeidarpartiet, med glødande engasjement for folk sine arbeidsplassar, ikkje minst i industrien langs kysten.

Olav Akselsen
Foto: Gorm Kallestad / Scanpix

Takka for samarbeidet

I 2010 byrja Akselsen som sjøfartsdirektør og dermed toppsjef i Sjøfartsdirektoratet i Haugesund.

26. mai i år trekte han seg frå stillinga på grunn av kreftsjukdom.

I eit kjensleladd innlegg på Facebook takka han for samarbeidet med folk og organisasjonar han møtte i yrkeslivet.

– Eg vil takka alle eg har møtt på min veg, skreiv Akselsen.

Han la til at mykje var uavklart med helsa.

– Eg ser lyst på livet og håpar enno eg skal få gjort nytte for meg når eg får litt tid på meg.

Slik skulle det ikkje gå. Måndag denne veka sovna han stille inn.

Kondolansar frå ministeren

Næringsminister Iselin Nybø kjem også med kondolansar i kveld.

– Det var ein trist beskjed å få at Olav Akselsen har gått bort. Mine tanker går til familien og Akselsens nærmeste, sier næringsminister Iselin Nybø.

Ho legg vekt på at han har vore sentral i å utvikle Sjøfartsdirektoratet til ein moderne organisasjon som spelar ei avgjerande rolle i utviklinga av den maritime næringa, både nasjonalt og internasjonalt.

Sjøfartsdirektør Lars Alvestad seier i ei melding i kveld at deira kondolansar går til familien som no har mista ein far og ektefelle.

Jonas Gahr Støre seier at det er mange som no vil savne Olav Akselsen og at han no sender varme tankar til den næraste familien.

– Olav hadde ein naturleg autoritet, men samstundes ein ujålete stil og ein lun humor som gjorde at han kom godt overeins med alle rundt seg, seier Støre.