Hopp til innhold

Thue hardt ut mot Mowatt og Øberg

Clara Øberg og Harry Mowatt i Helse Førde-styret må innrette seg etter partivedtak eller vurdere framtida si i Arbeidarpartiet. Det meiner tidlegare fylkesleiar i partiet Johs B. Thue.

Johs B. Thue

Tidlegare fylkesleiar i Arbeidarpartiet Johs B. Thue meiner Selje Ap set fingeren på eit punkt som fylkespartiet må ta på alvor.

Foto: Rune Fossum / NRK

Han krev at Arbeidarpartiet ryddar opp fordi fylkespolitikarane skal ha trassa partivedtak i sjukehusstriden.

- Fleirtalet såg vekk frå klare partimessige vedtak som vart gjort i 2008, mellom anna i representantskapet, seier Thue.

Ottar Nygård

Ottar Nygård har vore Arbeidpartimann i over 30 år, no er det slutt.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

I går vart det klart at Arbeidarpartiet i fylket vert eit lokallag fattigare. Då bestemte styret i Selje Ap og kommunestyremedlemmene for å melde seg ut av partiet.

Fryktar det kan bli ulevelege tilstandar

- På mange måtar synst eg Selje AP set fingeren på eit punkt som Sogn og Fjordane Arbeidarparti må ta veldig alvorleg, seier Thue.

Han fryktar at partiet også her i fylket kan oppleve det han kallar "Jan Simonsen og Vidar Kleppe tilstandar".

- Altså at folk gjer som dei vil, og at dei ikkje bryr seg om klare fleirtalsvedtak i organisasjonen. Og det kan vi rett og slett ikkje leve med, seier Thue.

Bakgrunnen for den interne striden i Arbeidpartiet er usemje om korleis partiet har handtert sjukehussaka på. Fylkestingsgruppa til Ap gjekk inn for framlegget til Helse Førde om å gjere lokalsjukehusa i Eid og Lærdal om til lokalmedisinske senter.

Utelukker ikkje eksklusjon

Kritikken frå den tidlegare fylkesleiaren rettar seg spesielt mot Clara Øberg og Harry Mowatt, som sit i både fylkestingsgruppa og Helse Førde-styret.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Harry Mowatt og Clara Øberg

Harry Mowatt og Clara Øberg må innrette seg etter partivedtak eller vurdere framtida si i Arbeidarpartiet. Det meiner tidlegare fylkesleiar i partiet Johs B. Thue.

Foto: Fotomontasje / NRK

- Det gjenstår å sjå kva som skjer til slutt, men om dei ikkje rettar seg etter fleirtalsvedtaka, så kjem vi i ein situasjon der vi må diskutere dei verkemidla som ligg i lovene i partiorganisasjonen, seier Thue.

Og han vedgår at han då siktar til eksklusjon.

- Eg meiner dei må vurdere stillingane sine. Det går ikkje an å hoppe bukk over partimessige vedtak, det går ikkje an i noko parti, seier Thue.

Men Harry Mowatt meiner Thue kjem heilt feil ut i sin kritikk. Han viser til at vel halvparten av ordførarane i fylket støttar opp om forslaget som fylkestingsgruppa til AP stemte for.

- Partipisken er nødvendig

Han seier Arbeidarpartiet ofte vert skulda for å vere harde med partipisken. Men at dette er nødvendig for å få politisk gjennomslag i store saker.

Mowatt og Øberg sit i Helse Førde-styret, fordi dei er føreslått av politiske organ. Men det har heile tida vore sagt at dei ikkje er hefta av dei politiske parti sine standpunkta som medlemmer av føretaksstyret. Men det er Thue usamd i.

- Dei kan ikkje gjere som dei vil, dei er underlagt partiet som dei er føreslått frå sine standpunkt.