Hopp til innhold

Terrengsykkelstiar har blitt million-business – no blir det eigen utdanning

Stibygging er ikkje lenger berre dugnadsbasert, men «big business». No kjem den første stibyggar-utdanninga til landet.

Rekkje stiutvikling asfalterer pumptracken på Kaupanger i Sogndal kommune. Juni 2021.

FULL FART: Rekkje stiutvikling hadde fem lange arbeidsdagar, der også dugnadsfolk var med, for å bli ferdig med denne pumptracken på Kaupanger.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Ordreboka for neste år byrjar allereie å fylla seg opp, seier Njål Sund.

Dagleg leiar i Rekkje stiutvikling må sjølv trø til ute på anlegget for at dei skal bli ferdige med asfalteringa av pumptracken på Kaupanger i Sogn.

– Det ringer folk kvar dag og vil ha oss til å koma å bygga for dei. Det er nesten for mykje å gjera, seier han.

Store investeringar – no kjem utdanninga

Fleire vinterdestinasjonar bygger no sykkelstiar for å halde hotellsengene varme om sommaren.

I år passerer investeringane 100 millionar kroner, berre i Hallingdal.

– Dei neste tre åra reknar eg med at det blir enda nye 100 millionar, seier Lars Wraae Jensen i Opplysingskontoret for terrengsykling.

På kort tid har stibygging gått frå å vere hobby- og dugnadsbasert, til eit yrke.

Og med det kjem behovet for eit eige utdanningsløp. Slik har ei ny utdanning ved Reiselivsfagskolen på Geilo sett dagens lys.

– Det er stor etterspurnad etter stibyggarar, og vanskeleg å få tak i nok fagfolk, seier Wraae Jensen, som har vore med å forme den nye utdanninga.

Han legg til:

– Skal me halda fram å utvikla kvaliteten på stiane, så treng me fagfolk.

Målet er å starta opp hausten 2022.

– Vi må ta nokre atterhald, pandemien påverkar samarbeidet som går på tvers av fleire land.

Bratt Sykkelklubb bygger terrengsykkelsti i Volda sommeren 2020.

VOLDA: På kort tid har stibygging gått frå å vere hobby- og dugnadsbasert, til eit yrke. Og med det kjem behovet for eit eige utdanningsløp.

Foto: Kaja Skatvedt Robak / NRK

Berekraft er ein grunnpilar

Wraae Jensen ser utdanninga som ein moglegheit til å sikra at berekraft vert ein av grunnpilarane.

– Vil det bli for mange stibyggarar når den utbygginga som no er i gang, er ferdig?

– Anlegga skal brukast mykje, og då trengst det vedlikehald. Og eksisterande anlegg treng fornying. Då kan me utvikla dei vidare, og ikkje berre bygga nytt. Me er langt unna å snakka om ein metta marknad.

Trysil har stått i spissen for utviklinga av tilrettelagde sykkelstiar, og sidan har fleire andre plassar følgd etter i sykkelspora.

Og ikkje berre vintersportsdestinasjonar. I 2020 løyvde Trondheim 4,7 millionar til terrengsykkelpark.

Medan den langsiktige planen til Ryfylke sykkelklubb er å bygga 50–60 kilometer med sykkelløyper til ein prislapp på opp mot 100 millionar kroner.

Asfalt er ein inngang til stiane

– Sykling er det nye friluftslivet, seier Marianne Kjøllesdal Sundal, nestleiar i Sogn Terrengsykkel.

Ho har nettopp prøvd ut den nyasfalterte pumptracken på Kaupanger i Sogn, ei bygd der stiane blir flittig brukt av syklistar – både lokale og tilreisande.

– Me ser at ungane leikar på sine premiss, og kanskje fører det til at dei kjem ut i skogen på sikt. Her kan ein bruka skateboard, sparkesykkel og eigentleg det meste som rullar, og du treng ikkje den dyraste stisykkelen for å ha det veldig kjekt her.

Anita Lah og X er begge med i Bratt Sykkelklubb og med på dugnaden for å få anlegget klart.
Foto: Kaja Skatvedt Robak / NRK