Hopp til innhold

Terje var berre sekund unna å køyra inn i raset: – Det gjekk kaldt nedover ryggen på meg

Det er uvanleg at det kjem store ras om sommaren, men tysdag rasa 1000 kubikk ned og smadra fanggjerdet langs rv. 13 i Hardanger.

Terje Nordal

RAS: Terje Nondal er vane med ras, men forventa ikkje å møta på det ein opphaldsdag i juli.

Foto: Tale Hauso / NRK

I sjutida tysdag morgon køyrde Terje Nondal langs Sørfjorden i Hardanger. På veg ut av Okslatunnelen nord for Tyssedal møtte lastebilsjåføren ein vegg med kvit røyk.

Nondal trudde fyrst det var ein brann han møtte.

– Det var jo ikkje ein typisk dag for ras, fortel han.

I det han gjekk ut av lastebilen såg han svære steinar som kom ut av røyken.

– Då gjekk det kaldt nedover ryggen på meg, seier Nondal.

Terje gjekk ut og snakka med personane i dei to bilane framfor seg. Saman prøvde dei å sjekka om nokon hadde vorte tekne av raset.

Terje tok desse bileta. Før han og dei andre gjekk inn i tunnelen, i tilfelle det skulle rasa meir.

Framfor dei ligg 1000 kubikk med stein og lausmassar. Raset har losna kring 470 meter oppe i fjellsida.

Sjåføren er godt kjend på ruta. Han veit at det på regnfulle dagar kan vera fare for ras.

– Eg er vane med ras, men har aldri vore så nærma før. Ikkje har eg lyst til å vera det heller, fortel han.

Difor pleier han å planleggja litt annleis når han skal køyra på hausten.

– Ein er jo tydelegvis aldri trygg. Det er denne hendinga eit godt døme på, seier han.

Det er mykje trafikk på riksvegen. Dagen før passerte 3284 bilar staden.

– Det er ei skam at vi skal ha sånne vegar, spesielt med tanke på trafikken som er her, meiner Nondal.

Uvanleg med større ras om sommaren

I Hardanger har skred og ras vore ein del av landskapsutviklinga.

Likevel er det ikkje vanleg med større ras om sommaren. Det forklarar Jostein Bakke, professor i geologi ved Universitetet i Bergen.

– Mesteparten av forvitringa skjer på vinteren, hausten og om våren, då det er svingingar rundt null grader, fortel han.

I sommar har det regna spesielt mykje. Det kan ifølgje professoren føra til fleire ras.

– Dei naturlege prosessane skjer fortare når vi har periodar med mykje regn som vi har no, seier Bakke.

Jostein Bakke, professor i geologi, UiB

Jostein Bakke er professor i geologi ved UiB. Han kjem sjølv frå Hardanger.

Foto: Oddgeir Øystese

Reiv ned fanggjerde og autovern

Raset frå rundt 470 meters høgd reiv ned fanggjerdet og autovernet på nedsida av vegen. No er autovernet erstatta med ei mellombels løysing. Fanggjerdet tolte 2000 kilojoule.

– Det knakk fullstendig saman, seier byggeleiar Rolf Anders Tønder Svensson i Statens vegvesen.

Han opplyser om at det vil bli vurdert å setja opp eit kraftigare fanggjerde, til dømes eit som toler minst 5000 kilojoule.

– Me set ikkje opp tilsvarande gjerde etter noko slikt har skjedd. Eg anslår at berre gjerdet vil kosta seks til åtte millionar kroner. Det er ikkje hyllevare, seier Svensson.

Steinras sperrer veien mellom Oksla- og Stanatunnelen i Tyssedal

Raset tok med seg både skredsikringa og autovern på rv. 13.

Foto: Vest politidistrikt

Skal vurdera å omprioritera sikringsarbeid

– Dette er eit stort ras, sjølv i Hardanger-målestokk, slår Christian Altmann, kommunikasjonssjef i Nye Veier, fast.

Dei har fått ansvaret med å oppgradera rv. 13 frå Skare i Ullensvang til Sogndal i åra som kjem, og skal starta arbeidet med å lysa etter entreprenør i haust.

Mykje av oppgraderingsarbeidet som skal gjerast er rassikring. Men det var ikkje denne staden dei hadde tenkt å byrja arbeidet.

– Den står ikkje øvst på vår liste. Men me skal få nokon med geoteknisk kompetanse til å vurdera rasstaden, slik at me kan ta nokre avgjerder etter ferien, seier Altmann.