Hopp til innhold

Han styrer ei avis som gir eigarane inntekter - må likevel sende journalistar på dør

Avishuset Firda tente i fjor 8,6 millionar kroner, men likevel må dei kutte i talet tilsette. – Det er eigarane som bestemmer korleis pengane skal brukast, seier redaktøren.

Yngve Årdal,, Firda

SLIK DET ER: Yngve Årdal i Firda må sjå at avisredaksjonen hans blir slanka, trass i at avisa leverer gode resultat.

Foto: Johan Moen / NRK

Overskot til trass, avishuset Firda må no seie opp journalistar. I 2013 hadde Firda Media eit driftsresultat på 8,6 millionar kroner, men sist veke vart det kjent at innsparingskrav frå eigaren Amedia gjer at avisa må kutte opp til fire redaksjonelle stillingar.

Klubbleiar Svein Heggheim må sjå at kollegaer kan bli sende ut døra, samtidig som avisa leverer gode resultat.

– Det er forferdeleg tungt. Det er rett og slett trasig og trist. Både i 2013 og 2014 går Firda veldig, veldig bra, seier han oppgitt.

Har fått tilbod om sluttpakkar

For det er ikkje tvil om at avishuset Firda tener godt med pengar. Redaktør Yngve Årdal vil overfor NRK.no ikkje seie noko om det endelege årsresultatet, men fortel at drifta gjekk 8,6 millionar kroner i overskot i fjor.

Likevel må altså tilsette gå. Alle tilsette med meir enn fem års ansiennitet har fått tilbod om sluttpakkar, og inntil fire redaksjonelle årsverk kan forsvinne.

– Det er ikkje noko kjekt. Vi har gått ut med tilbodet om sluttpakke, og så jobbar vi for at det skal bli færrast mogleg kutt. Det er sagt eit visst tal, og så satsar vi på at det blir lågast mogleg. Vi må ha journalistar til å lage innhald, sa redaktør Yngve Årdal til NRK.no før helga.

(Artikkelen held fram under)

Redaksjonen i Firda

TRIST: Klubbleiar Svein Heggheim, i midten av biletet, seier det er svært trist at journalistar må gå, trass dei gode resultata.

Foto: Bent Are Iversen, Firda Media

– Det er berre slik det er

Det er den stramme økonomien i eigarkonsernet Amedia som får konsekvensar for journalistane i Sogn og Fjordane si største avis. Amedia tapte vel 50 millionar kroner i første kvartal i år, noko som gir beinharde krav, også til dei avisene som går godt.

– Det er berre slik det er, konstaterer Yngve Årdal.

– Vi har eigarar, og for vår del sit dei i Oslo. Dei bestemmer korleis dei vil bruke pengane, slik er det berre, seier han.

Rustar seg for fallande inntekter

Men trass kutta, Årdal meiner Amedia er gode eigarar. Han seier det å vere i eit konsern er med på å utvikle avisa.

Nasjonale trendar gjer likevel at avisa må ruste seg for ei framtid med fallande inntekter.

– Når vi planlegg drifta må vi sjå på inntektene og utgiftene våre. Om vi ser av dei nasjonale trenande at vi til dømes vil ha ein svikt på annonsar på ti prosent i året, så vil ein del av våre inntekter forsvinne. Dermed må vi vere litt på forskot når det gjeld kostnadane våre, seier han.

– Mindre enn i andre aviser

Avisa Firda tilfører no altså Amedia gode inntekter i ei tid der andre aviser i konsernet tapar pengar.

Klubbleiar Svein Heggheim meiner likevel det ikkje er realistisk at Firda skal gå fri for nedskjeringar. Samtidig meiner han dei gode tala er eit argument for at det skal bli kutta så lite som råd.

– Våre kutt må bli forholdsvis mykje mindre enn i avisene som har ei heilt anna økonomisk utvikling, seier han til NRK.no.