Hopp til innhold

Medieforskar uroa over journalist-kutt i Firda

– Ein klassisk vond sirkel, seier medieforskar Paul Bjerke om følgjene av dei varsla kutta i avisa Firda.

Paul Bjerke

UROA: Den røynde medieforskaren Paul Bjerke meiner at dei varsla kutta i avisa Firda er svært urovekkjande.

Foto: BJØRN SIGURDSØN / Scanpix

Den røynde medieforskaren ved Høgskulen i Volda fryktar følgjene av den dårlege økonomien til aviseigarane til fylkes største avis.

NRK fortalde torsdag at avisa må kutte fire årsverk, og at alle tilsette i redaksjonen kan søkje om sluttpakke.

– Det er jo openbart at ein ikkje kan lage avis utan journalistar. Kvaliteten avheng i stor grad av årsverk og tal tilsette, seier Paul Bjerke.

Fryktar avisdød

Bakgrunnen for dei varsla kutta er den elendige økonomien i eigarkonsernet Amedia. Bjerke meiner at ytterlegare kutt i lokalavisene vil råke journalistikken.

I verste fall fryktar medieforskaren avisdød.

– Det vil igjen føre til at lesarane oppfattar produktet som dårlegare og er mindre interessert i å betale for det. Ein klassisk vond sirkel, seier han.

52 millionar i minus

Redaktør i Firda, Yngve Årdal, peikar på at dei kutta som no kjem i all hovudsak skuldast den økonomiske situasjonen til eigarane.

Yngve Årdal

REDAKTØR: Yngve Årdal er redaktør i avisa Firda.

Foto: Bård Siem / NRK

Norges nest største mediekonsern slit med å selje papiraviser og reduserte første kvartal i år inntektene med 52 millionar kroner .

– Dermed har alle fått beskjed om å gå heim og sjå på inntektsbilete og kostnadsbilete. Det gjer vi, og dermed ser vi at vi truleg må ned med eit visst tal årsverk, seier Årdal.

– Ein skremmande tanke

Dermed er det mange aviser i Norge som no må gjennom same runddans som ved Avishuset Firda i Førde.

I Volda fryktar Bjerke følgjene av den dårlege økonomien til aviseigarane.

– Eit lokalsamfunn utan avis i ei eller anna form som held dette saman, er ein skremmande tanke, seier han.