Dei to mennene i 45-50 åra bytta på å føre den vel over 20 fot store båten. Andre båtfolk i hamna fekk nok av at dei to godt påsegla karane tydelegvis ikkje klarte å kontrollere båten og krasja inn i fleire andre båtar inne i hamneanlegget. Politiet vart varsla og konstaterte raskt at dei to var synleg rusa.
Der fekk dei mistanken stadfesta. Ingen av dei to hadde noko bak eit ratt å gjere, og politiet fann det best å sikre seg at dei to menna frå Solund ikkje tok båten heim frå Askvoll.
Og turen tilbake til Askvoll går nok for seg i sømelege former. Indrebø seier at dei to som møtte opp på kontoret for å hente nøkkelen i dag ikkje var så altfor høge i hatten.