I dag vart politiet sin evalueringsrapport etter hendinga gjort kjend, der det kjem fram at politimeister Ronny Iden har sett i verk lokale tiltak basert på funna som er gjort.
- LES: Heile rapporten her
Sjølv om rapporten avdekkjer ei rekkje svakheiter og slår fast at både organisering og handtering var mangelfull, slår den fast at desse ikkje hadde noko å seie for utfallet av hendinga.
- LES OGSÅ: Kritikk med rette
– Alt tyder på at drapa fann stad før første melding nådde naudetatane klokka 1721. Svakheitene har ikkje hatt følgje for utgangen av det som skjedde, seier politimeister Iden.
Køyrde lengste veg
Politiet har fått kritikk for valet av køyreruta politipatruljen valde frå Lærdal til Holsbru. Rapporten sler fast at utrykkinga vart 38,41 kilometer lenger å køyre Filefjell, enn å køyre dei 51,66 kilometerane via Årdal.
Dette har ved fleire høve blitt forsvart frå politiet si side. Politimeisteren står fast på dette. Patruljen meinte det pågjekk arbeid på vegen om Årdal.
I rapporten kjem det også fram at dårleg vêr og føre frå Tyin til Holsbru kom som ei overrasking på patruljen - noko som igjen reduserte snittfarten.
– Vi har kome fram til at vegen dei trudde var stengd, var open. Hadde dei køyrt raskaste veg, så ville dei vore raskare framme. Eg vil ikkje gje dei kritikk for dette. Dei tok avgjerd der og då, basert på det dei meinte var rett, seier Iden.
- LES OGSÅ:
(Artikkelen held fram under biletet)
TRIPPELDRAP: Tre personar vart drepne med kniv på Valdressekspressen i Årdal.
Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpixVar ikkje bemanna slik dei skulle
Politiet vedgår også at både organisering og handtering var mangelfull.
I rapporten kjem det fram at operasjonssentralen, som skal vere bemanna med to personar, var bemanna med berre éin person i 33 minutt - 17 av desse i dei første kritiske minutta etter at politiet vart kjend med det dei første trudde var ei trafikkulykke.
«Dersom operasjonssentralen hadde vært fullt bemannet kunne operatør på samme måte som AMK i forhold til ambulanse bidratt til avklaringer som var vesentlig for Lærdalpatruljen sitt valg av kjørerute. Operasjonsleder hadde ikke muligheter til å prioritere dette», står det i rapporten.
– To av hovudpunkta våre er at vi ikkje var ikkje bemanna slik vi skulle vere, og at våpeninstruksen ikkje var tydeleg nok - slik at den første patruljen rykte ut utan våpen, seier Iden til NRK.no.
– Bakgrunnen er at operasjonssentralen også har ansvar knytt til arrest, slik at éin operatør på det tidspunktet hadde forlate staden for å gjere oppgåver knytt til arresten, forklarer han.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Instruksen var ikkje tydeleg nok
Rapporten frå politiet viser til at beredskapen er sårbar fleire stader i politidistriktet, særleg i randsonene av vaktområda og når det skjer fleire ting samstundes.
Det kjem også fram at uklare rutiner var bakgrunnen for at patruljen frå Lærdal var ubevæpna.
– Eit hovudpunkt er at instruksen ikkje har vore tydeleg nok, slik at det for mannskapet var uvisse knytt til væpning av såkalla samansette patruljar, seier Iden.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ: