Hopp til innhold

Tek operakarriera i eigne hender

Det er ikkje enkelt for ein nyutdanna operasongar å få seg jobb. Kva gjer ein då? Jo, ein lagar til førestilling på eiga hand.

Det er vanskeleg å leva av kunsten som nyutdanna operasongar.
Difor tok dei skeia i eiga hand, og sette opp si eiga framsyning. 
No er det berre minutt til premieren deira startar i vesle Lifjorden bygdahus i Hyllestad.....

INTIM OPERA: I Lifjorden bygdehus fekk folk oppleve opera på nært hald. Foto: Ole André Rekkedal

Onsdag kveld får folk i Hyllestad oppleve det som truleg er bygdas første operaframsyning i Lifjorden bygdehus. Bak den står fire nyutdanna operasongarar som no prøvar å skape sin eigen arbeidsplass i ein tøff operamarknad.

– Marknaden for operasongarar er ikkje så stor. Det er få plassar i Bjørvika, og då tenkte vi at vi vil prøve å lage vår eiga framsyning og skape vår eigen jobb på den måten, seier Eivind Kandal frå Sandane.

Gjer alt sjølv

Saman med tre andre samt ein produsent er dei ei relativt lita gruppe som har stått på for å få dette til. Då er det snakk om alt frå sceneopptredenar til billettsal i døra.

– Vi har laga heile utdraget, vi har vald ut musikken vi skal ha med. Vi har laga vår eigen regi, og vi har med eigne sceneplattingar og lyskastarar. Så alt er laga på eiga hand her altså, seier Kandal.

Torstein Kollevåg frå Fana synest det er kjempespennande å setje opp operaframsyning i eit så lite bygdehus som Lifjorden. Sjølv har han slekt frå området, som er noko av årsaka til at dei har framsyning akkurat der.

– Vi har fått med heile bygda. Folk hjelper oss på alle moglege måtar. Butikken sel billettar og bygdedamene lagar mat, så her er vi samla om eit felles prosjekt, og det var det vi ønskte.

Førde neste

Etter Hyllestad skal operagruppa vidare til Kunstsenteret i Førde. Kollevåg håpar det vert fullt hus også der, men i første omgang ønskjer han at folket i Hyllestad får ein fin kveld.

– Vi håpar verkeleg at folk vil kose seg og ta innover seg denne operaen. Eg tvilar nok på at opera er framført her tidlegare, men det er det som er heile poenget, at vi skal komme med opera og vise denne kunstarten på ein heilt ny måte for folk som gjerne aldri har sett eller høyrt opera før, seier han.