Operapublikummet vart færre

Etter at den siste framsyninga av hovudoppsetjinga til Opera Nordfjord gjekk av stabelen laurdag, ser det ut til at det blir ein nedgang på 1000 publikummarar frå i fjor.

Madame Butterfly

FLEIRE I FJOR: Det var fleire som såg Tryllefløyten i fjor enn Madama Butterfly i år (på biletet).

Foto: Øystein Torheim

– Kunstnarisk har det vore ein suksess, men billettsalet har ikkje vore so bra som me hadde ønskja, seier operasjef ved Opera Nordfjord, Kari Standal Pavelich.

I går gjekk siste framsyning av årets hovudoppsetjing, «Madama Butterfly», for ein full operasal i operahuset på Eid. Men fulle salar har det ikkje vore på alle dei ti framsyningane.

1000 ledige

Kari Standal Pavelich

NØGDE: Kari Standal Pavelich er nøgd med årets oppsetting, sjølv om ho gjerne skulle hatt fleire publikummarar.

Foto: NRK

– Dei to-tre bakarste radene har vore tomme, og det har også vore ledige seter oppe på galleriet, seier Standal Pavelich.

Før finteljinga er gjort ser det ut til at publikumstalet endar på 3900, noko som betyr at om lag 1000 billettar av dei totalt 4900 billettane som var til sals, ikkje vart selde.

Standal Pavelich er likevel strålande nøgd med årets produksjon.

– Me har fått ei overveldande mottaking frå publikum. Det har vore ei fantastisk oppsetting og me fått masse positive tilbakemeldingar frå dei som har sett den. På den siste framsyninga i går var det ståande applaus i fleire minutt, seier ho.

Samanliknar med seg sjølv

Dei har seld om lag 80 prosent av billettane. Noko av årsaka til nedgangen i år er at dei i fjor selde nesten uverkelege 98 prosent av billettane til «Tryllefløyten» i fjor, som var hovudproduksjonen i 2011.

(Artikkelen held fram under biletet)

Operahuset på Nordfjordeid
Foto: Ottar Starheim / NRK

– Me har eigentleg gjort det bra i år, men når me samanliknar det med fjoråret, so skal det godt gjerast å koma over det. Og nokre oppsetjingar, som «Tryllefløyten», sel meir enn andre berre på namnet, seier Standal Pavelich.

Men eit lågare billettsal enn i fjor, kan bety at dei går mot eit underskot i 2012.

Ikkje uroa trass underskot

– Me må vera sopass realistiske og seia at det kan gå mot eit underskot i år. Alle rekningane og oppgjera er ikkje heilt klare endå, men det styrer nok den retninga.

Likevel er ikkje Standal Pavelich bekymra. Dei har hatt ein sunn økonomi, og har vore førebudde på at det kanskje kom til å koma eit dårleg år.

– Me har lagt eigenkapital til sides, slik at me kan tåle eit år der det litt dårlegare enn me hadde håpa på.

Om to veker byrjar planlegginga inn mot kva dei skal syna fram neste år i storstova på Eid.