Hopp til innhold

Operagarden held stø kurs framover

Åmot operagard feirar ti år og har store planar for dei neste ti åra.

Åmot Opergard feirar ti år. Yngve Blakset og Steinar Sørli.

FEIRING: Yngve Brakstad (til venstre) og Steinar Sørli er stolte over å kunne feire at Åmot Operagard er ti år. Foto: Birger Meland

Operagarden i Gaular fyller ti år i år. Det var i utgangspunktet eit mål, men no har det blitt eit grunnlag.

– Åmot operagard er på ein måte vår baby som vi har pleia i ti år, og lagt grunnlaget for dei ti neste, seier operasjef Steinar Sørli.

Høgre-Erna held tale

I helga startar jubileumsfeiringa, og det med gjestar som Nordic Tenors, Angedalen Brunns-sextett og Høgre-leiar Erna Solberg.

– Vi har tenkt å feire fram til desember, og vi startar i dag. Erna Solberg skal opne operaåret her på Åmot operagard. Det svarte ho ja til med ein gong vi spurte ho i april, fortel Sørli.

Erna Solberg

GLER SEG: Høgre-leiar Erna Solberg skal halde tale under fredagens feiring.

Foto: Birger Meland / NRK

Og det er noko Solberg gler seg til.

– Eg synest det er så fantastisk at det som vert oppfatta som ein eliteting i gamle dagar, no faktisk er blitt allemannseige. No er det opera på kvart eit nes, og om ikkje på kvar einaste gard så i alle fall på nokre, seier ho.

– I kveld kjem eg til å seie litt om kvifor opera og musikk er viktig, og kor fantastisk flott det er at ein har utvikla dette nettopp på Åmot, ein stad langt vekke frå der ein trudde finkulturen skulle vere, seier Høgre-leiaren.

Skandinavisk samarbeid

Nordic Tenors

UTSELD: Nordic Tenors står på scena både fredag og laurdag. Framsyninga fredag er utseld.

Foto: Birger Meland / NRK

Konserten med Nordic Tenors fredag kveld er utseld, og 150 publikummarar er venta. Laurdag er det framleis plassar igjen for dei som ønskjer å komme.

Sjølv om ti år i utgangspunktet var målet for Åmot operagard, har dei på ingen måte tenkt å leggje seg på latsida. No satsar dei vidare for fullt.

– Vi har tilsett to personar i staben og driv no heilårsdrift på gardsrestaurant, og dei neste tre åra satsar vi på eit nordisk samarbeid i høve operaproduksjon, med den Svenske operagarden og eit dansk operakompani. Vi satsar også meir på lokalmat, og Kristel Eide sitt vesle kjøken vevast no tettare inn i Operagarden sitt liv og verke.

Ønskjer seg utselde hus

Og den beste gåva ein tiårsjubilant kan få er utselde hus.

– Vi ønskjer at publikum i Sunnfjord har lyst å komme ein tur til Åmot operagard denne sesongen og oppleve opera og god mat og vin. Det er det vi ønskjer oss, seier Sørli.

For å få ambisjonane til å klaffe med økonomien er Åmot operagard heilt avhengig av publikum, men Sørli bekymrar seg ikkje for at det vil svikte.

– Vi er alltid utselde, heldigvis. Det er fleire som ser opera i Gaular enn i Oslo. I fjor var det over 700 publikummarar, og vi bur 3000 menneske i Gaular, så er det ganske høg prosentdel som ser og høyrer opera eller samtidsmusikk og -dans, seier han.

Festbordet

FESTBORDET: 150 gjestar er venta under fredagens startskot for tiårsjubileet til operagarden på Åmot.

Foto: Birger Meland / NRK