Hopp til innhold

Målrik generalprøve for Sogndal

Sogndal Fotball vann laurdag 4-2 over heimesterke Strømsgodset i generalprøva til neste helgs seriestart borte mot Odd Grenland.

Jasmin Mecimovic og Peter Kovacs.

FRÅ START: Jasmin Mecimovic fekk prøve seg frå start mot Peter Kovacs og Strømsgodset.

Foto: Rune Sjøberg

I år som i fjor er Sogndal dømde nord og ned. Sigeren smakar difor ekstra godt for både spelarar og trenarar.

I fjor tapte Sogndal 0-1 i treningskamp og 1-2 i serieopninga mot drammenslaget.

– For oss er det ei lita fjøyr i hatten med 4-2 over eit sterkt Godset-lag. Vi har mista spelarar, men ein skal ikkje gløyme at vi også har fått spelarar. Vi har definitivt kvalitetar i laget, seier assistenttrenar Håvard Flo.

God Patronen

– Å ha det stempelet inn i sesongen treng ikkje vere det verste. Folk tek oss litt for gitt og er ikkje levna håp eller sjanse, legg Flo til.

Spesielt har kritikarane vist til ei forsvarsrekkje som har smuldra opp i løpet av vinteren. Mats Solheim, Isak Scheel og Even Hovland er alle vekke.

Det same gjeld ein annan som kunne gått inn og gjort jobben, Vegar Gjermundstad. Sogndal har gjeve klart uttrykk for at dei jaktar ein ny midtstoppar.

Tore Andre Flo

FRÅ START: Tore Andre Flo starta for Sogndal, men vart bytt ut med Eirik Bakke i pausen.

Foto: Rune Sjøberg

På Marienlyst stadion utgjorde Jasmin Mecimovic og Hannu Patronen stopparparet i 4-4-2-formasjonen.

– Hannu, som den sjefsfunksjonen han skal ha der bak, var til tider veldig bra. Han har litt å gå på, og er framleis litt hemma av ankelskade, men er ein tøffing som står på og jobbar. Sjølvmålet trur eg han må dele med Udjus, seier Flo.

Vurderer fleire stopparar

– Kva med Mecimovic. Held han nivået som skal til?

– Jasmin står fram og gjer ein god kamp i dag. Litt smårusk er det nok, men det er i alle fall eit solid steg framover forsvarsmessig i høve til sentrale stopparar. Eg trur nok han held eit nivå, men vi får berre gå igjennom analysen og bileta frå kampen. Så får vi ta ei avgjerd ut frå det. Vi har fleire objekt å vurdere, seier Flo.

God kontroll

Assistenttrenaren meiner Sogndal hadde god kontroll i første omgang.

– Vi ligger strukturelt og kompakt veldig bra. Andre omgang var ustrukturert, men det klarte vi å få justert inn, seier han.

– Er Sogndal der de vil vere no?

– Kollektivt sett under eitt, så tykkjer eg det er bra. Sjølvsagt er det ting og tang vi må pusse på, men resultatet i dag er ei form for vitamininnsprøyting. Etter 0-8 mot Sandnes Ulf, så gjer dette bra for gutane. Det er definitivt noko å byggje vidare på.

To sjølvmål

Ifølgje Drammens Tidende tok Sogndal leiinga etter 20 minutt då Alexander Aas beina ballen i eige mål. Frå krittmerket sytte Lars Christopher Vilsvik for 1-1 til pause etter at Peter Kovacs fekk straffe i ein duell med sogndalkeeper Kenneth Udjus.

Etter kvilen gjekk heimelaget opp til 2-1 då Hannu Patronen sette eit innlegg frå Øyvind Storflor i eige nett etter kring timen spelt.

Berre tre minuttar seinare sytte Tonny Brockmann Christensen for 2-2, før Ørjan Hopen takka Strømsgodset for følgjet og la på til 3-2 med eit langskot kvarteret før slutt.

– Får det tøft i Skien

Ulrik Flo, som erstatta Malick Mane etter kring timen, fekk æra av å setje spikeren i kista då han i siste speleminutt utnytta ein kjempetabbe i Godset-forsvaret.

– Ulrik Flo kom inn og gjorde ein god jobb og Stephané Badji var veldig bra i første omgang, legg Flo til. Vel vitande at dei trass 4-2 borte mot Strømsgodset i generalprøva, har ein god jobb å gjere fram mot seriestart.

– No skal vi heim og jobbe knallhardt strukturelt, og pusse litt på samhandlinga, så skal vi forhåpentlegvis ta nokre steg til. For det blir ein vel så tøff kamp på Skagerak Arena, avsluttar Flo.