Hopp til innhold

Herman (20) er ein av landets yngste taxisjåførar

Nye krav til taxinæringa har ført til lengre ventetid og nedgang i rekrutteringa av unge sjåførar.

Herman Solheim (20) i taxien sin.

SANDANE: Herman Solheim (20) trivst godt bak rattet i taxien.

Foto: Fride Audunsdotter Westvik / NRK

For tre år sidan vart reglane skjerpa. Før hadde taxisentralane ansvar for all opplæring.

Sidan har innskjerpinga ført til lengre ventetid og at færre sjåførar vert rekruttert.

Men på Sandane Taxisentral har ein ung gut likevel kasta seg ut i jobben som taxisjåfør.

– Eg likar jobben veldig godt, det er kjekke kollegaer, men dei er litt eldre enn meg. Det er eit anna miljø enn eg har vore vand med tidlegare, seier Herman Solheim, som har full stilling hos Sandane Taxisentral.

Konsekvensar for rekruttering

For å kunne køyre taxi må sjåføren vere minst 20 år og hatt sertifikat i to år.

Den 1. november 2020 kom nye krav for opplæring av taxisjåførar.

Sjåførane må levere helseattest, få godkjent køyresetel hos politiet, og ta teoretisk og praktisk prøve hos Statens vegvesen.

NRK har vore i kontakt med fleire i bransjen som seier at dei nye krava har ramma rekrutteringa til yrket.

Anne Karlsen Hove, Oslo Taxi/Norges Taxiforbund, i drosje

Nestleiar i Noregs Taxiforbund, Anne Karlsen Hove, seier dei er kjent med problemstillinga, men at dei ikkje har tal på kor omfattande nedgangen er.

Foto: Olav Juven / NRK

Lenger ventetid

– Det er blitt vanskelegare å rekruttere nye sjåførar, seier Hans Os (70).

Han er styreleiar for Sandane Taxi, og har merka konsekvensane.

Før kunne taxisentralen rekruttere nye sjåførar på eit par veker, men no kan ventetida vere lang og det kan to månader før nye kan køyre taxi.

Tidlegare var det sentralen som hadde opplæring og uteksaminering av sjåførar.

No må dei nye sjåførane innom Statens vegvesen for å ta teoretisk og praktisk prøve.

Os meiner at opplæringa dei hadde på sentralen var betre tidlegare.

– Det er bra at det blir stilt krav, men det er ein del på den praktiske prøva vi stiller spørsmål til. Som til dømes å trille ein passasjer over ein fortauskant. Det er veldig nyttig å kunne, men det kan vi lære dei like godt som Vegvesenet.

– Meiner dykk at opplæringa er den same?

– Ja, og den er ikkje tilstrekkeleg for det som sjåførar på vår sentral må kunne. Du er ikkje ferdig utlært når du har bestått, vi må framleis ha intern opplæring, seier Os.

Herman Solheim (20) og Hans Os (70) i sofaen på pauserommet på Sandane Taxisentral.

Dei to kollegaene Herman Solheim (20) og Hans Os (70) sit i sofaen på pauserommet medan dei ventar på oppdrag frå kundar.

Foto: Fride Audunsdotter Westvik / NRK

Må kutte opningstida

Fylkesleiar i Hordaland for Noregs Taxiforbund, Svein Harald Solberg ser at fleire i distrikta merkar nedgang i rekrutteringa.

– Det får konsekvensar for tilbodet, vi har sett fleire tilfelle der dei må innskrenke opningstida, seier Solberg.

Fylkesleiaren fortel at reglane sikrar kvaliteten på taxisjåførane, men at fleire må reise langt for å køyre opp.

– Reglane kunne vore endra slik at ein kan ta teoriprøve og oppkøyring på fleire stasjonar. Då hadde det blitt lettare for dei som må køyre langt.

Fylkesleiar i Vestland for Norges Taxiforbund, Svein-Harald Solberg

– Rekrutteringa har gått ned. Det er utfordringar med å få tak i folk som vil ha stillingar rundt om, seier fylkesleiar i Hordaland Taxiforbund, Svein-Harald Solberg.

Foto: Norges Taxiforbund / Taxiforbundet

Få unge

Bransjen slit særleg med rekruttering av yngre taxisjåførar, ifølgje Taxiforbundet.

Styreleiaren seier at bransjen treng fleire som den unge kollegaen.

– Vi er veldig glade for å ha han på sentralen, seier Os.

– Det er synd, for yrket er viktig. Det er vanskeleg å få rekruttert nye unge til bransjen når ein må vere 20 år. Også er det kanskje ikkje det mest attraktive jobben med tanke på arbeidstid.

Arbeidsdagen kan starte kl. 05:00 for å køyre til flyplassen. Men Solheim trivst godt med arbeidet.

– Eg ville starte i jobben rett etter eg var ferdig i militæret, men måtte vente til eg vart gammal nok, seier Solheim.

Han håpar fleire unge vil køyre taxi.

– Eg får møte mange ulike kundar, det er veldig interessant og meiningsfullt, seier Solheim.

Uroa for framtida

Styreleiaren påpeikar at dei treng yngre sjåførar som kan ta over drifta.

Han sjølv er pensjonist og seier det er avgrensa kor lenge han kan arbeide.

– Eg håpar at vi kan finne fleire som vil ha dette som yrke og vere eigar av drosjer, seier Os.