Hopp til innhold

Byggjer doning i skjul - alt skal vere hemmeleg før den årlege Kjippen

Kvart år møter fleire tusen festglade opp for det årlege opptoget i gatene i Florø nyttårsaftan. Der er ulike doningar eit viktig innslag.

Gjeng som lagar doning til Kjippen 2011

GJENGEN: Tre søsken med venner står bak ein av årets doningar i Kjippen. Martin Melvær Berge vil ikkje seie noko om kva rolle Angry Birds (maska til høgre i biletet) har.

Foto: Truls Kleiven

For kvart nyttår går det eit karnevalsopptog gjennom gatene, og dette vert kalla Kjippen. Unge og gamle kler seg ut og har med seg plakatar der dei held ap med det meste.

Rundt om i byen blir det bygd doningar som skal vere med i opptoget. Men alt skal vere hemmeleg og ikkje avslørast før midnatt.

Ein venneflokk er i full sving med å klargjere seg til kvelden. Dei har brukt mange dagar i romjula på å få doningen sin ferdig.

– Vi er ikkje heilt klare enno. Det er litt lågt under taket her, så vi må gjere siste finish ute, fortel Martin Melvær Berge.

Gjengen lar oss ikkje ta bilete av byggverket før seint i kveld. Tidlegare år har dei laga fleire, i år blir det berre ein.

Nokre av oss har halde på med dette i 11 år, andre er med for første gong, fortel han.

Melvær Berge og resten av gjengen gler seg veldig til kvelden.

– Det er sjølve høgdepunktet på nyttårsaftan. Dersom vi rekk det, skal vi også kle oss ut. Nokre er allereie i gang med å finne kostyme, seier han.

1. nyttårsdag legg vi ut eit fyldig biletgalleri frå Kjippen 2011.

Vi ønskjer også at du sender inn bilete frå di nyttårsfeiring. Les meir her: Send inn dine beste nyttårsbilete