Hopp til innhold

Vil ha Kjippen også om sommaren

Florøværingane kler seg ut og går i tog på kvar einaste nyttårsfeiring. No vil dei også gjere det om sommaren.

Nyttårsfeiring i Florø.

FOLKEFEST: Karnevalsopptoget «Kjippen» samlar tusenvis av menneske kvar einaste nyttårssafta. No vil florøværingane også kle seg ut kvar 16. mai.

Foto: Eivind Nordvik Hauge

Festfolk i Florø kan glede seg over at Myrtell Horne no føreslår ein sommarversjon av utkledningsarrangementet «Kjippen».

– Kven er betre enn oss florøfolk til å kle oss ut og skape så mykje lått og løje? La oss i fellesskap lage byen vår morosam og tidig, seier Horne til Firdaposten.

Folkefest for tusenvis av menneske

Tusenvis av menneske samlast i gatene på nyttårssafta i Florø kvar einaste år. No vil florøværingane også ha kostymeopptog kvar 16. mai framover, sydd over same lest som «Kjippen».

Målet er at «Sommarkjippen» skal bli ein familiefest. Inspiriasjonen kom frå den vellukka jubileumsopptoget 16. mai i fjor, på 150-årsdagen til Florø.

– Her i byen har vi lange tradisjonar for å kle oss ut og gå i Kjippen. Men det er berre om vinteren, seier Horne til Firdaposten.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kjippen 2010.

MYRTEL HORNE: Ho inviterer til ny årleg tradisjon: «Sommarkjippen» kvar 16. mai.

Foto: Tarjei Langeland

Ein hyllest til byen

Det blir trommeslagarar og det heile også i sommarvarianten av «Kjippen».

– La oss gjere ein årleg tradisjon ut av dette. For det er no livet går føre seg. Som ein hyllest til byen let vi livsgleda slå ut i full blomst. La oss i fellesskap gjere byen vår morosam og tidig, seier Horne til avisa.