I dag kom Aron kom heim etter 28 dagar på rømmen

– Det er som å feire jul mange gonger her. Og bursdag og vel så det. Vi er berre overlukkelege, jublar matmor Bente Tufte.

Tonje (24) og Sindre (21) var veldig glad for å møte att Aron.

GLEDE: Syskena Tonje (24) og Sindre (21) var glade for å sjå at sin firbeinte «bror», Aron (2).

Foto: Privat

Hunden har vore sakna sidan nyttårsaftan då truleg fyrverkeri i Seimsdalen i Årdal skremde den firbeinte toåringen på veg.

Etter eit utal leiteaksjonar og søk med helikopter, kunne dei endeleg gjenforenast i ettermiddag.

– Han er veldig tynn, men ser vital ut. No tuslar han rundt på golvet her og snusar, fortel Bente Tufte.

Fekk telefon på jobb

Aron heime i sofaen

SLAPPAR AV: Sogns kanskje mest omdiskuterte hund, Aron, kan endeleg slappe av i sofaen sin heime - etter 28 dagar på rømmen.

Foto: Privat

Aron er av rasen eurasier, og sjølv om det vert rekna som ein hunderase med robust helse, var eigarane byrja å miste håpet om å sjå att familiemedlemet sitt.

Men i dag fekk Bente telefonen ho trudde aldri ville komme. Aron var observert.

– Eg fekk telefonen på jobb og kasta meg rett i bilen og køyrde av garde. Eg trefte nokre ungar og spurte, og dei hadde sett hunden gå nedover mot hovudvegen. Eg køyrde heim, og der stod han med refleksvegs og heile pakka. Utanom bandet, som han har slite av seg, fortel ho.

– Heilt fantastisk

Etter veker med både håp og nedturar, vart det eit svært gledeleg gjensyn mellom eigar og hund.

– Eg berre grein. Det var heilt fantastisk. Det er heilt utruleg at han kom attende, seier matmor og har vanskar med å halde tårene attende.

(Artikkelen held fram under biletet)

Helikoptersøk

HELIKOPTERSØK: Det vart søkt frå helikopter etter Aron.

Foto: Jonny Asperheim

– No vert det jo sagt at hunderasen kan klare seg lenge om han stikk av.

– I alle fall eg hadde byrja å miste litt håp etter så lang tid, men Aron er nok eit bevis på det.

Underernært

– Om han har ligge i dalen, i granskogen eller kvar han har gøymt seg desse fire vekene, er uråd å seie. Han har i alle fall gøymt seg, seier Tufte og fortel at han i kveld skal til veterinær for undersøking.

– Han har truleg ikkje fått i seg så mykje næring når han er så tynn, så eg kan tenke meg at han har vore svolten. Han er nok underernært, men ser elles vital ut. Han sprett opp når nokon kjem inn døra, held ho fram.

Takksam for all støtte

Etter det tårevåte gjensynet, fekk Aron truleg eit etterlengta gjensyn også med matskåla.

– Han har fått litt for, men får ikkje så frykteleg mykje i slengen, seier Tufte og er takksam og over seg av engasjementet som lokalbefolkninga har vist i samband med Aron sitt forsvinningsstunt. Mellom anna vart det samla inn 50.000 kroner til hundesøk med helikopter.

(Artikkelen held fram under biletet)

Aron

ETTERLYST: Aron frå før forsvinningsnummeret nyttårsaftan.

Foto: Privat

– Det har vore overveldande. Vi har søkt med helikopter, sett i fjellsiden frå båt og folk har samla seg og vore med på leitinga. Dei siste dagane har vi vore oppe i dalen, kveikt på grill og kalla på Aron om kvelden. Om det har vore noko hjelp, veit eg ikkje, seier ho.

Blir inne i år

Når 2013 glir over til 2014 er det ein ting som er sikkert. Då skal ikkje Aron utomhus. Ei slik oppleving vil dei ikkje ha igjen.

– Nei, då trur eg ikkje vi skal ut om kvelden. Då tenkjer eg at vi held oss nede på eit rom saman med han. No er det nesten eitt år til, men ei slik oppleving gløymer vi ikkje så lett, avsluttar Tufte.