Hopp til innhold

Samla inn over 50 000 til hundesøk - søkte med helikopter utan funn

Hunden Aron har vore sakna sidan nyttårsaftan då han vart skremd av fyrverkeri i Seimsdalen i Årdal. Seks dagar med kronerulling gav nær 55.000 kroner til helikoptersøk, men trass i gode leitetilhøve torsdag, fann ein ikkje hunden med helikopter.

Kollage

LEITE FRÅ LUFTA: Eit helikopter søkte i dag i tre og ein halv time etter hunden Aron, utan å gjere funn.

Foto: privat/Jonny Asperheim

I løpet av torsag har 20 personar, utplasserte i fem grupper, støtta helikoptersøket, skriv porten.no. Det har vorte søkt i Seimsdalen opp til Kletta, og sidan tilbake på Seim-sida forbi Ofredalsvegen, med ein runde opp på Seimsåsen, og vidare utover mot Resnes.

– Vi har ikkje hatt konkrete funn, seier talsperson for eigarane til Aron, Geir Inge Tufte.

Aron, som er av rasen eurasier, reiv seg laus frå eigarane nyttårsaftan då ein rakett gjekk av i nærleiken medan dei var på tur i Seimsdalen.

Forsvann i 20-tida nyttårsaftan

– Han forsvann i 20-tida nyttårsaftan, og etter det er det ikkje gjort nokon observasjonar av han, seier Tufte.

Folk har leita jamnt og trutt sidan hunden forsvann, og Tufte understrekar at familien er svært takksame for alle som har stilt opp for å bidra til at Aron kjem heim.

Leitemannskap

FRIVILLIGE: Mange frivillige har brukt mykje tid på å leite. Her Vidar Nesse som var med på aksjonen torsdag.

Foto: Jonny Asperheim

Hanne Smedegård starta endåtil kronerulling for at det kunne nyttast helikopter i søket etter hunden, og på knapt ei veke var det samla inn 54.800 kroner.

Mykje av det gjekk med under dagens helikopterleit.

– Helikopteret var i lufta i tre og ein halv time, så eg reknar med at mykje av pengane gjekk, utan at det er eg som har oversikta på det. Men eg vil understreke at tilflyginga av helikopteret også var sponsa, så vi snakkar effektiv flytid her, seier Tufte.

– Nokon vil kanskje seie at det er litt i overkant med ein så stor leiteaksjon etter ein hund?

– Eg forstår at nokon kan stille spørsmål ved et. Men for dei som saknar eit familiemedlem så er det ikkje snakk om å gi seg før hunden er heime att. Det er ikkje berre ein hund, seier Tufte.

(Artikkelen held fram under biletet)

Aron

VEKK: Hunden Aron hadde på seg ein sele, refleksvest og lêrband då han forsvann i Seimsdalen i Årdal nyttårsaftan.

Foto: Privat

Folk sat med kikkert i hagane

I tillegg til at helikopteret søkte, var 20 personar involverte i leiting på bakkenivå. Også andre involverte seg i leitinga i dag.

– Folk sat i hagen med refleksvest på, medan dei såg i kikkert. Vi hadde bedd alle som var med på leitinga om å nytte vest. Det var heilt utruleg å sjå, seier Tufte.

Han legg til at sjølv om Aron har vore vekk i ti dagar, har ikkje familien mista håpet om å få sjå att familiemedlemmet sitt.

– Denne typen hundar toler godt å vere utandørs, og det finst eksempel der hundar har vore vekk lengre enn dette og likevel klart seg godt, seier Tufte.

(Artikkelen held fram under)

Spor i snøen

FANN SPOR: Nysnø natt til onsdag førte til god sporsnø. Men det er uvisst om spora dei har sett, tilhøyrer Aron.

Foto: Jonny Asperheim

Kjølege meldingar for helga

Til no har det ikkje vore spesielt kaldt i fylket, men no set minusgradene inn for fullt, og i helga er det einskilde stader meldt opptil tosifra minusgrader i helga.

– I området det er snakk om er det mykje god barskog, så det er moglegheiter for han å finne lune stader å liggje. Vi har tru på at vi finn han til slutt, seier Tufte.

Førre helg var 30 personar ute og leita både laurdag og søndag. Det vil førebels ikkje bli arrangert organisert leiting denne helga utan sikre observasjonar.

– Det er folk ute og ser, men vi set ikkje inn så store styrkar før vi har noko meir å gå etter. Vi har både feller og viltkamera ute, i tillegg til mykje folk som traskar i området, så vi håpar vi snart har noko meir handfast å gå etter, seier Tufte.