Hopp til innhold

Tapte siste heimekamp

Det vart ikkje noko lukkeleg avskil med Førdehuset for Førde-trenar Kristiann Gudmundsson. Islendingen, som gir seg som trenar for handballdamene, såg vertane halde Follo til 14-14 ved pause. Til slutt vart det 27-30 i favør av gjestene. Emilie Myklebust Sande og Marit Ova Bøyum scora seks mål kvar for Førde. Før kampen var det allereie klart at laget held plassen i 1. divisjon.

Kristiann Gudmundsson
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK