Hopp til innhold

Taper pengar på å selje medisin

Apoteka i Norge taper i dag pengar kvar gong dei sel reseptpliktig medisin. Sal av hudkremar, kosttilskot og tannkrem har difor blitt heilt nødvendig.

Quynh Leh ved Vitusapotek i Florø

TAPAR PENGAR: Quynh Leh har drive Vitusapoteket i Florø sidan 2004, og har sett ei negativ utvikling i høve til inntening på sal av reseptpliktig medisin.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Sjølv om det viktigaste arbeidet for norske apotek er å godkjenne reseptar og selje medisin, er dei no heilt avhengige av å selje vanlege handelsvarer for å overleve.

Farmasøyt Quynh Leh tok over drifta av Vitusapoteket i Florø i 2004 og har sidan den gong merka same utvikling som elles i landet.

– Prisane har blitt mykje lågare og apoteka taper no pengar på å selje medisin, seier Leh til NRK.no.

Tapar pengar på den viktigaste oppgåva

På apoteket i kystbyen ventar kundane tolmodig på tur. Når det blir deira tur, må dei vente igjen. Skal ein ha medisin på respekt må kundane vere trygge på at dei får det dei skal.

Farmasøytane bak disken brukar tid på å godkjenne, kontrollere og hente ut medisinen. Trass i at dette er det viktigaste arbeidet dei gjer, taper dei pengar kvar gong dei gjer det.

– Generelt sit norske apotek att med ti prosent av den totale omsetnaden på legemiddel, seier Farmasøyt Quynh Leh i Florø.

Må finne andre måtar

Det er ni år sidan Leh tok over drifta av apoteket i Florø. Den gong stod medisin på resept for 55 prosent av fortenesta til apoteka.

I dag har den falle til under 40 prosent. Løns- og driftskostnader har blitt høgare, men medisinen vert billigare å kjøpe.

Oddbjørn Tysnes, direktør i Apotekforeininga, forklarar at dei difor må finne andre måtar å tene pengar på.

– Apoteka blir meir avhengige enn før av å selje hudkremar, solkremar og andre ting som ikkje er legemiddel for å sikre lønsemd, seier Tysnes.

(Artikkelen held fram under biletet)

Vitusapoteket i Florø

VIKTIG: Den viktigaste oppgåva for apoteka er å selje medisin, men skal farmasøytane ha ein jobb å gå til er dei heilt avhengige av å selje vanlege varer som til dømes solkrem og kosttilskot.

Foto: Jon Bolstad / NRK

– Sjokkerande

Ein av kundane som set pris på servicen ho får på apoteket er Anita Larsen Gjengseth. Ho var ikkje klar over at apoteka taper pengar kvar gong dei sel reseptpliktig medisin.

– Det er sjokkerande, seier ho.

Ho ser ikkje for seg ei framtid der ein ikkje kan handle legemiddel på apotek.

– Apoteka må vi ha. Det er her dei har ekspertisen på mange felt, seier ho.

Gir råd om produkt som kan hjelpe

Og nettopp vanlege handelsvarer står i dag altså for den største fortenesta til apoteka. Framleis står dei viktigaste varene, medisin, bak disken. Men dei varene som sikrar at farmasøytane har ein jobb å gå til er dei varene som står framfor den.

– Det er tøft, vedgår Leh.

Sidan apoteka er avhengige av å selje ting som til dømes hudkremar, kosttilskot eller graviditetstestar blir det ofte til at dei tilsette på apoteka føreslår andre varer når kundane skal hente ut medisin.

Quynh Leh seier at dei veit at mange medisinar gir ulike biverknader, og at dei såleis kan gi kundane råd om kva andre produkt som kan hjelpe.

– Dette gjer vi for å unngå at dei får ekstra plager, slik dei kan med visse typar medisin, seier ho.

Kvardagen har blitt meir hektisk

Sjølv om farmasøytane også må gi råd om produkt som hudkrem, shampoo og solkrem, meiner Leh at dei ikkje misser fokus på det faglege arbeidet.

– Absolutt ikkje. Eg synest vi har fått høve til å bli endå betre på å gje råd om andre produkt som er til hjelp for kundane.

– Men det er klart apoteka og vi som farmasøytar får ein travlare og meir hektisk arbeidsdag, men vi mister ikkje fokus på den faglege biten.

Vil innføre nye tenester

Tysnes i Apotekforeininga synest det er synd at farmasøytane må bruke så mykje tid på det som ikkje går på reseptpliktig medisin.

– Vi skulle gjerne brukt tida vår på å gje gode råd til kundane om legemiddel, for det er mange som har problem med legemiddelbruken sin og som brukar medisinen feil, seier han til NRK.no.

Han trur ikkje det er noko løysing at legemidlane blir dyrare, men seier det er viktig å gjere grep for å sikre at ein klarar halde på fagfolka på apoteka.

– Eg trur det viktigaste for samfunnet er at farmasøytane på apoteka får brukt nok av tida si på å hjelpe kundane til å bruke legemiddel. Då trur eg vi er nøydde til å innføre nye tenester, der farmasøytane heilt målretta kan hjelpe dei pasientane som har mest bruk for hjelp til å få orden på medisinbruken sin, seier han.

På apoteket i Florø jobbar Quynh Leh hardt kvar dag for å få ting til å gå rundt.

– Kunne du ha drive apotek utan å selt vanlege handelsvarer?

– Nei, vi kan ikkje ha eit apotek med berre legemiddel.