Tap for Sogndal
Sogndal tapte på bortebane mot Kongsvinger, som leia kampen med tre mål til pause. Sogndal kontra med to kjappe mål ved Lukass Vapne og eit sjølvmål av keeper Aleksey Gorodovoj i andre omgang. Dei klarte aldri å true Kongsvinger etter desse måla, og kampen enda 4–2 til heimelaget.