Ulukka skjedde på E39 i Jølster, like nedanfor Langhaugane på Vassenden i ettermiddag. Tankbilen hadde køyrt i grøfta og tilhengaren som var fylt med propan, hadde velta. Føraren vart ikkje skadd i ulukka.
Oppretta sikkerheitssone
Politiet oppretta ei sikkerheitssone på 300 meter rundt tankbilen etter ulukka.
– Tankbilen er fylt med propan, men det er ikkje meldt om lekkasje. Vi tek alle forhandsreglar og trekker andre bilistar vekk, og sperrer eit område på 300 meter rundt tankbilen, sa leiar ved operasjonssentralen i Bergen.
Politiet valde å evakuere personane i husa som var nærmast ulukkesstaden.
Manuell dirigering
Vegen var stengt i lang tid etter ulukka. No har politiet byrja å dirigere trafikken forbi tankbilen.
E39 STENGT: Det danna seg lange køar i området etter ulukka.
Foto: NRK-tipsarBRANNMANNSKAP: Fleire brannbilar var etter kort tid på plass ved ulukkesstaden.
Foto: Thomas Brakstad / NRKPROPAN: Den velta tilhengaren er fylt med propan.
Foto: NRK-tipser