Hopp til innhold

Takka sjukehuset for operasjonen med eigen song

Erling Hauge Hansen var så nøgd med den doble kneoperasjonen han fekk utført på Lærdal sjukehus, at han rett og slett laga ein takkesong til sjukehuset.

Erling Hauge Hansen

TAKKSAM: – Eg er utruleg glad for at operasjonen har gått så bra, seier Erling Hauge Hansen.

Foto: privat

– Det tykte eg at dei fortente. Operasjonen gjekk topp og alle tilsette var hyggelege og imøtekommande på alle vis, seier Erling Hauge Hansen frå Tysnes.

68-åringen frå Tysnes, mellom Stord og Bergen, hadde vore plaga med vonde og utslitne kne i over 15 år.

– Eg har visst at det kom til å ende med protese. All aktivitet avgrensa seg veldig, for eg orka ikkje korkje å stå eller gå så mykje, seier Hansen.

Ville ha glede av protesane

Den tidlegare ivrige jegeren med god dansefot har måtte kutte ned på mange aktivitetar som han tidlegare fann lystbetonte.

Men trass i vonde kne har det å få på plass ein rekvisisjon til operasjon vore ein lang dags ferd mot natt.

– Du veit, ein blir først møtt med at ein er for ung. Men eg var viss på at skulle eg gjennom dette, så ville eg no ha det gjort slik at eg kunne få noko glede av protesane, ler Hansen.

(Høyr songen til Erling her)

Var klar på kor han ville dra

På dei åra gjorde han nøye arbeid med å kartleggje kva slags operasjonstilbod og moglegheiter han hadde.

Han var rimeleg tidleg klar på at skulle han late seg operere så var det Lærdal sjukehus som skulle vere staden.

– Eg har følgt med Truls Jellestad (avdelingsoverlege ved ortopediklinikken ved Lærdal sjukehus) i Bergens Tidende heilt sidan han figurerte i avisene då han kom frå Tyskland med den første datamaskina og metoden. Eg har visst kor eg skulle heile tida. Når du set bilen inn på verkstad, så vil du ha ein god mekanikar, seier Hansen og ler godt.

Og når han først måtte gjennom ein slik rekonvalesens, så ville Hansen gjerne få teke begge knea samtidig.

– Når eg først skulle vere ute med skade, så kunne dei like godt ta begge, seier Hansen.

Slapp gjennom nålauget

Dette inngrepet, der ein tek to kne på ein gong, gjer ein berre ved Lærdal sjukehus, og ved Lovisenberg sjukehus i Oslo. Vel og merke dersom alle krav som vert stilte til pasienten, er oppfylte når det gjeld helsetilstand og vekt og liknande.

– Eg slapp gjennom nålauget og vart lovd at dei skulle ta begge. For eg tenkte at når eg først er dårleg i eitt kne, så kan eg like godt vere dårleg i to, seier Hansen.

Operasjonen, som var for litt over ein månad sidan, gjekk over all forventning.

– Ikkje berre for meg, men eg trur også dei på sjukehuset tykte det gjekk veldig bra. Eg var oppe og gjekk relativt kjapt, og drog heim fire dagar før tida, fortel Hansen, som totalt låg ti dagar på sjukehus.

(Artikkelen held fram under biletet)

Erling på jakt

ETTERLENGTA JAKT: Her er Erling fotografert på ein av sine siste jaktturar. Han ser fram til å jakte att til hausten, etter fleire år utan grunna knea.

Foto: privat

Legen avspaserte då han drog heim

Og det var nettopp det som er noko av bakteppet for songen som han har laga ortopedisk avdeling ved Lærdal sjukehus.

For legen som hadde operert han, Claus Jacobsen, hadde nemleg avspasering den dagen Hansen ville heim. Han vart bedd om å bli over helga, slik at legen kunne få ta ein kikk på han før han drog.

– Det hadde ikkje lyst eg skulle reise, men eg sa at eg kunne ikkje vente ei helg berre for det. Men eg lovde at eg skulle sende ei helsing, og at eg skulle ringje og fortelje korleis det gjekk, seier Hansen.

Han har pusla mykje med musikk på fritida, og mellom anna skrive mange viser opp gjennom åra.

– Dermed laga eg ei vise. Eg har ein god kompis med eit lite studio, for utan han hadde ikkje dette vore mogleg. Så spelte eg det inn og sende det til dei, i håp om at dei sette pris på det. Og det trur eg dei gjorde, seier Hansen.

Songen sende han per e-post til avdelingsoverlege Jellestad i helga som var.

– Eg fekk eit triveleg svar om at han sette stor pris på ein slik gest, seier Hansen.

Begge beina kutta tvert av

Forma har vore upåklageleg sidan operasjonen. Då han forlet Lærdal sjukehus, gjekk han sjølv på eigne bein, men ein koffert i eine handa, og krykkjene i den andre.

– Så tok eg taxi til Lærdal sentrum, og så tok eg bussen derifrå til Bergen, seier Hansen.

Musikaren

GLAD I MUSIKK: Erling Hauge Hansen har skrive mange viser i løpet av åra.

Foto: privat

Og det er i grunn litt utruleg å tenkje på, for operasjonen Hansen har vore gjennom, er ikkje av det vesle slaget. Begge beina er kutta tvert av på to stader, både i leggbeinet og i lårbeinet. Så er ei protese sett på plass med teknologisk presisjon.

Framgangen har ikkje late vente på seg, og han er ute kvar dag og ruslar seg ein tur. Største utfordringa er gangspir, og den flyttar seg litt rundt i beina, men det er visst heilt vanleg etter slike inngrep.

Klar til å endeleg jakte att

Han skal på kontroll att på Lærdal, men føler sjølv at ting går heilt som planlagt. Han er alt byrja å gle seg til haustens jaktsesong.

– Det ser eg veldig fram til. Og dansinga treng eg kanskje ikkje vente til hausten med ein gong. Men eg lovar at eg skal passe godt på dei nye knea mine, seier Hansen.

Han har fått beskjed frå Jellestad om at protesane har ei levetid på 20–30 år.

– Og då er eg ikkje bekymra, ler Hansen.

Jellestad vart rørt

Overlege Truls Jellestad er både rørt og glad over den noko spesielle takka til avdelinga frå Haugen.

Truls Jellestad

OPERERTE: – Dette var ei svært koseleg overrasking, seier kirurg Truls Jellestad.

Foto: Torbjørn Fardal / NRK

– Dette var kjempeartig og veldig, veldig hyggjeleg. Mange pasientar er takksame og gir uttrykk for det, men å gå til det skritt å lage ein eigen song, det er klart slikt gjer inntrykk, seier Jellestad, som er imponert over at Haugen har laga ein så flott song.

– Det er ein veldig god song og han tek for seg alle fasane i det å vere pasient. Svært dyktig laga, seier Jellestad.

På sjukehuset har dei gjort om lydfila til ei mp3-fil, og distribuert ho til både pasientar og kollegaer.

– Og alle stader haustar han velord. Eg trur vi må vere ein av svært få avdelingar som har ein eigen song, seier Jellestad.