Hopp til innhold

Svelgen: «Når det er mørkt blir det livsfarleg å ferdast ute»

Politiet åtvarar no på det sterkaste folk om å bevege seg utandørs i Svelgen sentrum. Den sterke vinden er rett og slett livsfarleg, meiner lensmannen.

Svelgen i storm

ÅTVARA: Politiet vurderte å innføre ferdselsforbod.

Foto: Truls Kleiven

– Folk som ikkje har noko spesielt å gjere i sentrum etter at det har blitt mørkt må halde seg unna. Det er rett og slett ikkje trygt å gå, ein veit aldri kva som losnar, seier lensmann Hans Rune Strandos i Bremanger til NRK.

– Korleis er situasjonen i Svelgen nett no?

– Vi får stadig nye meldingar, seinast no om veggplater som var i ferd med å losne på bygningen der vi har kontorlokale. Det kan skje ting, og eg oppmodar folk om å sikre alt dei har av lause gjenstandar. Spesielt no når det er mørkt blir det livsfarleg å ferdast ute.

Sjå vinden herje på fjorden i Svelgen.

HEFTIG: Denne lesarvideoen viser kva krefter som har vore i sving.

Takpapp har losna

Taket på svømmehallen i Svelgen har delvis blåse av, og politiet vurderer no om dei skal innføre ferdselsforbod i området.

Svelgen vind

STERKE VINDAR: Politiet ber folk i Svelgen om å halde seg innandørs. Vinden kan føre til alvorlege skadar, fryktar lensmann.

– Vinden riv og slit, og det flyg ting i lufta her, seier Strandos.

Han reknar med at førebels har mellom 50 og 60 kvadratmeter tjærepapp blitt rive vekk av vinden.

Bilar har fått skadar

14 bilar som stod parkert på parkeringsplassen til industriverksemda Elkem Bremanger har fått skadar fordi dei er treft av lause gjenstandar og grus som er kvervla opp med vinden.

– Vinden er veldig sterk. Eg er ein stor og røsleg mann, men eg hadde sjølv problem med å halde meg fast her for kort tid sidan, seier lensmannen i Bremanger.

På Twitter melder politiet at ein bil har blitt treft av lause plater på Trollebø i Vågsøy. Ingen personar har kome til skade.

Sterk vind i Svelgen
Foto: Truls Kleiven / NRK
svelgen