Hopp til innhold

SV hardt ut mot sentralisering

Sogn og Fjordane SV går hardt ut mot den sterke sentraliseringa som den blå regjeringa står bak. SV fnys av det nye honnørordet "robust".

Vibeke Johnsen

KRITISK: Fylkesleiar i SV, Vibeke Johnsen tok på fylkesårsmøtet i dag eit oppgjer med den sterke sentraliseringa som den blå regjeringa står bak.

Foto: Bård Siem / NRK

Det var i talen sin på fylkesårsmøtet i Sogndal tidlegare i dag at fylkesleiar Vibeke Johnsen tok eit oppgjer med den sterke sentraliseringa frå dei blå partia.

– "Robust" er eit ord som trumfar det mest for tida. Sogn og Fjordane scorar framleis høgt på faktorar der eit godt liv i eit godt samfunn tilseier at høg score er bra. Men dette blir det knapt snakka om i utgreiingar og reformer. Det er på tide å snakke høgt, tydeleg og varmt om eit godt liv for folk flest. Og det er på tide å snakke sentralistane i Oslo imot, sa Johnsen til applaus frå fylkesårsmøtet.

Skammekroken

I ein resolusjon som etter alt å døme kjem til å bli vedteken på fylkesårsmøtet i morgon heiter det mellom anna:

«Regjeringa har langt på veg lukkast med strategien sin når det gjeld dei såkalla robuste einingane. Dei har fått diskusjonen til å dreie seg om kven ein skulle slå seg saman med. Dei som ikkje trur på større einingar blir sett i skammekroken. Ei rad offentlege institusjonar som kommunane, politiet, høgskulane, kriseberedskapen blir bedne om å finne ut korleis dei kan vere mest mogleg effektive. Samtidig finst det ingen analyse av kva som vil skje når desse organa blir sentraliserte».

– Skyt seg sjølve i foten

Frank Willy Djuvik, fylkesleiar i Frp, tykkjer utspela frå SV er merkelege.

– Stort sett alle prosessane vi ser i dag vart sett i gong under den raudgrøne regjeringa, som SV var ein del av. Det blir nesten som å skyte seg sjølv i foten det SV driv på med seier han.

Frank Willy Djuvik

UEINIG: Frank Willy Djuvik (Frp) meiner SV skyt seg sjølv i foten med kritikken.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Samstundes vedgår han at han som politikar er oppteken av å bruke skattebetalarane sine pengar på ein effektiv måte, med minst mogleg byråkrati og administrasjon.

– Det er nettopp difor eg er glad for at Høgre og Frp sit i regjering når desse reformane skal gjennomførast, for vi har klart å snu det som i utgangspunktet var sentraliseringsformar, om til kvalitetsreformar for å sikre tenestane til innbyggjarane våre, seier han.

Johnsen held fram

Årsmøtedelegatane hadde også ei markering mot sentraliseringa på eitt av kjøpesentera i Sogndal tidlegare i dag. Det vart halde appellar og delt ut løpesetlar.

SV-apell mot sentralisering

APPELL: Jakob André Sandal, nestleiar i Sogn og Fjordane Sv held appell på Sogningen Storsenter mot sentralisering.

Foto: Bård Siem / NRK

Vibeke Johnsen blir i morgon etter alt å døme attvald som fylkesleiar. Eldrid Skudal tek attval som nestleiar. Steinar Øydvin er innstilt til å ta over det andre nestleiarvervet. Jakob Andre Sandal går av som nestleiar.