Hopp til innhold

Skjønte på sisterunden at NM-gullet var i boks - her slepper ho jubelen laus

Førde-jenta Karoline Erdal (19) hadde ikkje venta å stå øvst på pallen på normaldistansen i junior-NM i skiskyting. Men då ho på sisterunden fekk beskjed om at ho låg vel eit halvt minutt framfor nestemann, skjønte ho at det kunne gå.

Karoline Erdal

HOPPANDE GLAD: Karoline Erdal jubla hemningslaust etter sitt første NM-gull.

Foto: privat

– Det er utruleg moro. Det er jo noko eg har drøymt om ganske lenge, så det er veldig kjekt og motiverande. Men eg hadde ikkje venta det, seier Erdal.

NM har vore eit hovudmål denne sesongen, men at det skulle bli gull, hadde ho ikkje trudd.

– Ein går jo ut for å gjere sitt beste, men det er mange som er gode. Men med denne plasseringa, blir trua større, og eg veit eg kan klare det, seier Erdal.

Avlyst renn førre helg gav maks opplading

Ho skaut tre bom, men med god fart i sporet heldt det heilt inn, og ho var 29,3 sekund framfor Mathea Tofte frå Vingrom, som tok sølvet.

– Eg har hatt god opplading til NM. Eg har fått trent godt, og eg har ikkje vore sjuk. Eg skulle eigentleg reist til Slovenia førre helg, men det vart utsett på grunn av dårleg vêr. Dermed fekk eg tid til å førebu meg endå betre, seier Erdal.

Og det betalte seg i løypene i Brumunddal i dag. Men det kosta krefter.

– Det var varierande vindforhold, så mange hadde nok blanda skyteforhold. Dessutan var det ei tøff løype. Då eg fekk vite at eg låg i tet, var eg skikkeleg sliten, men eg klarte å presse ut siste resten, seier Erdal.

Gler seg til sprinten

Men det står fleire løp på programmet i helga. I morgon er det sprint, og den gler ho seg til.

– Eg har ikkje nokon favorittdistanse. Eg likar alle like godt, og så lenge eg går godt og skyt godt, så har eg ein sjanse uansett kva distanse det er, seier Erdal.

Sjølv om NM-gullet allereie er i lomma, er ho sugen på meir. Ho trur ikkje sigeren i dag kjem til å gjere ho mindre svolten laurdag.

– Det høyrest kanskje rart ut, men no er eg liksom ferdig med gullet. Gullet er "gjort". No er det neste renn som tel. No handlar det om å fokusere på jobben som skal gjerast, førebu seg best mogleg mentalt og få sove godt i natt, seier Erdal.

Har litt å slekte på

Pappa Herman Erdal gler seg over dottera sitt første NM-gull.

– Det er alltid kjekt når det går rett veg. Men det er viktig å gå ut og gjere jobben så godt som ein kan. Har ein gjort det, så er det godt nok, uansett plassering, seier Erdal, som sjølv var ein habil skifeltskytar.

Han vart mellom anna noregsmeister i 15 km skifeltskyting i 2005, og tildelt Kongepokalen. Han vart også noregsmeister på sprinten i skifeltskyting i 2006, og tok bronse på normaldistansen i same meisterskapen.

I 2010 tok han sin andre kongepokal då han vart norsk meister i skifeltskyting.

Karoline trur mykje av grunnen til at ho har vorte så god, er at ho har hatt ein familie som har følgt ho tett opp.

– Broren min driv med skiskyting, og eg bestemde meg tidleg for at det ville eg også gjere. Eg har ein familie som har støtta meg heile vegen. Og så har eg vore målbevisst og teke vanskelege val, seier Karoline Erdal.

Storebror Ole Martin Erdal tok 9. plass i klassen for menn senior.