Hopp til innhold

Karoline (17) får sin internasjonale debut i Slovenia

Skiskyttaren Karoline Erdal (17) har denne sesongen markert seg sterkt på sprintdistansen i Norgescupen. No har ho fått gulrota i form av internasjonal matching.

Karoline Erdal

UTANLANDSTUR: Karoline Erdal kan plukke fram passet sitt og gjere seg klar for sin internasjonale debut.

Foto: Sibjørn Myklebust/Team Nordfjord

Alpincup er ein internasjonal cup i mellomeuropa for dei yngste juniorklassane i skiskyting. Helga 8. og 9. februar går den av stabelen i slovenske Pokljuka.

Og då med ei Førde-jente på startstreken. Karoline Erdal er mellom åtte som skiskyttarforbundet har funne gode nok å sende nedover.

– Det var utruleg kjekt å bli teken ut, å få oppleve noko nytt og ta større steg. Det har alltid vore eit mål å delta på noko større enn Norgescup, gliser Erdal.

Fekk utteljing

Denne sesongen kan ho slå i bordet med ein 1. plass og ein 3. plass på sprinten i Norgescupen.

Sist helg slo ho også til med ein 4. plass på normalen under Norgescuprennet i Myrkdalen.

– Eg har merka god progresjon på treninga, men føler eg ikkje fekk vist det skikkeleg før i Myrkdalen. Då var det god form på ski, og skytinga stemde veldig bra. Så dette uttaket var ein veldig stor bonus, seier ho.

Beste yngste løparane

Per Arne Botnan

IDRETTSSJEF: Per Arne Botnan.

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

Og det er totalen på prestasjonane skiskyttarforbundet har lagt til grunn når dei har plukka ut løparane som får smake på internasjonal konkurranse neste helg.

– Dei som er tekne ut, er dei som har vore jamt best i sine klassar så langt i Norgescupen. Alle har gjort ein god jobb for å få vere blant dei som reiser, seier idrettssjef Per Arne Botnan og legg til at dei sender utøvarane til Pokljuka utan press på å prestere.

– Noko alle drøymer om

Medan dei eldste juniorane får reise til USA og junior-VM, sender dei altså dei beste yngste til cupen i mellomeuropa.

– Med tanke på skulegangen tykte vi det var litt drygt å sende dei yngste juniorane til USA. For å gje dei ei lita gulrot og få matche seg mot internasjonal motstand valde vi å sende dei til Alpencup, seier Botnan.

– Det blir jo litt spennande å sjå korleis ein ligg an og få ein forsmak på kva som kan vente om ein verkeleg blir god. Å oppleve noko slikt er sikkert noko alle drøymer om, seier Erdal.

– Ei gulrot

Og det er akkurat opplevinga skiskyttarforbundet ynskjer å gje framtidas skiskyttarhop.

– Det viktigaste er at dette skal vere motiverande, ei gulrot og sjanse til å smake på konkurranse frå andre nasjonar. Men på ein god dag, så håpar vi å vere med å kjempe om ein pallplass både på gute- og jentesida, seier Botnan.

– Eg håpar å gjennomføre renn der eg er nøgd med meg sjølv og eigen innsats. Noko resultat eller plassering har eg ikkje tenkt på. Dette blir uansett ei stor oppleving, seier Erdal som studerer ved NTG Geilo.

Vik i helga

Til helga vender ho nasen heim til Sogn og Fjordane for å gå renn i Vik. Før ho altså neste helg set seg på flyet til Slovenia.

Og til eit renn ho faktisk aldri hadde høyrt om før ho fekk telefon frå skiskyttarforbundet måndag kveld.

– Då eg høyrde Alpencup, så var det noko ukjent for meg. Eg måtte ringje trenaren min for å fortelje om det. Då forklara han meg kva det var, humrar ho.