Hopp til innhold

Supersupporter får ikkje komme inn på stafetten på grunn av skralla

Arrangørane i Hockfilzen har høyrt seg lei på skrangla til Arve Hafsås frå Stårheim.

VM-skralla til Arve Hafsås

IKKJE VELKOMMEN: Den er for stor til å ha med på tribunen, seier arrangørane av VM i skiskytting.

Foto: Privat

– Nei, no sit vi utanfor og følger stafetten på storskjerm. Eg får ikkje følgt med som eg skulle gjere. Det er forkasteleg altså, seier ein frustrert Arve Hafsås frå VM-arenaen i Hochfilzen.

Supersupporteren har krangla på seg både skiskyttarar, journalistar og politi under VM i skiskyting.

No er dei norske supporterane som har like skraller ikkje lenger velkomne på tribunen, men må halde seg i området der medaljesermoniane går føre seg.

Kan ikkje gå frå skralla

Det store supporterinstrumentet vart kjøpt i Anteselva og handmala i Stryn. Det er ikkje ein alternativ for Hafsås å legge frå seg skralla for å komme inn på tribunen.

– Eg kan ikkje sleppe skralla av syne her inne på området. Då er den vekk på eit blunk, seier Hafsås.

Supporteren frå Stårheim skulle gjerne følgt Bø-brørne på stafetten i dag.

– Det er fortvilande. Vi betalar tusenvis av kroner for å komme inn, så får vi ikkje komme inn med det utstyret vi brukar å ha med elles i Europa, seier Hafsås.

Arve (63) gjør seg solid bemerket på tribunene i Hochfilzen med denne rangla.

Redde for sikkerheita

Arrangørane seier til Hafsås og dei andre norske supporterane som har tilsvarande skraller at det er sikkerheita som er grunnen til at dei ikkje får ha med skrallene inn på tribunen.

– Dei seier den er for stor. Men dei tyske har også skraller, som er enda større enn våre, meiner Hafsås.

Rangla til Arve Hafsås har fått blanda mottaking blant journalistar, skiskyttarar og andre.

Men skiskyttar og stryning Johannes Thingnes Bø tykkjer supporteren sitt høglydte engasjement er flott.

– Dei lagar leven, dei der! Eg diggar det, sa Johannes Thingnes Bø til NRK tidlegare denne veka.