Medan det stadig er døme på at eldre arbeidstakarar ikkje vert sett på som attraktive arbeidskraft, går Sunnfjord Energi i motsett retning. Fleire av dei eldste tilsette kan gå av på avtalefesta pensjon når dei er 62 år gamle. Desse vil verksemda halde på lenger, og er no i gong med å sy eit opplegg som passar dei tilsette.
Alle tener
Administrerande direktør Per Storegjerde meiner begge partar vil tene på dette. Han seier gjennomsnittsalderen i Sunnfjord Energi etter måten er låg. Men fleire har arbeidd svært lenge i bedrifta. No skal dei få tilbod om å få gradvis mindre arbeidstid.
Storegjerde seier det verkar som fleire av seniormedarbeidarane er interesserte i den nye ordninga, som gjev ein mjuk overgang til pensjonisttilveret.