Hopp til innhold

Studentar må ta eksamen på ny etter tabbe

14 reiselivsstudentar ved Høgskulen på Vestlandet må ta eksamen på nytt etter at fasiten blei lagt ved oppgåva, melder TV 2.

Dette var den siste eksamenen for reiselivsstudentane i Sogndal, som halvannan time etter eksamensstart fekk beskjed om at dei ikkje kunne halde fram.

– Eg blei veldig sjokkert, seier Ulrikke Storvik (23) til TV 2. Studentane veit ikkje kor tid dei får ta eksamen på ny. Gunhild Raunsgard leiar eksamenseininga ved Høgskulen på Vestlandet.

– Det er heilt klart ein uheldig situasjon. Vi legg oss flate og beklagar at det skjedde, seier ho til TV 2.

Høgskulen på Vestlandet i Sogndal.
Foto: Geir Bjarte Hjetland