Hopp til innhold

Studentar fryktar eksamenssmitte før jul: – Kjipt og frustrerande

Trass smitterekordar skal framleis mange tusen studentar ha fysiske eksamenar. Tre av fire vil møta på eksamen sjølv om dei har luftvegssymptom, viser undersøking.

Molekylærbiologistudent Oda Bellika Kjæmpenes les til eksamen.

LESESAL: Oda Bellika Kjæmpenes studerer tredje året på molekylærbiologi. Ho skal ha to eksamenar med fysisk oppmøte dette semesteret.

Foto: Sjur Mikal Dolve / NRK

– Det er litt skummelt. Det er jo veldig høgt smittetrykk, seier molekylærbiologistudent Oda Bellika Kjæmpenes.

Tredjeårsstudenten har to eksamenar dette semesteret. Begge blir gjennomført med fysisk oppmøte.

Med det høge smittetrykket meiner ho at det i staden burde vore heimeeksamenar.

Å sitje med kring hundre andre eksaminandar i ein sal kan i verste spolere juleferien saman med familien, seier ho.

– Det hadde vore veldig kjipt og frustrerande.

Oda Bellika Kjæmpenes les til eksamen i molekylærbiologi

SLUNTRAR IKKJE UNNA: Molekylærbiologistudent Oda Bellika Kjæmpenes er klar på at hennar ynskje om heimeeksamen ikkje er bygd på anna enn frykta for å bli smitta på eksamen. – Eg synest skuleeksamen er å føretrekkja, seier ho.

Foto: Sjur Mikal Dolve / NRK

Vil ikkje ta eksamen opp att

I ei undersøking fagutvalet til molekylærbiologistudentane på UiB, Helix, har gjort denne veka, viser at 75 prosent er redde eller bekymra for å møta opp til eksamen.

Av dei 94 studentane som har svart på undersøkinga, svarar 29 prosent at dei kjem til å møta opp uansett om dei er sjuke. 48 prosent seier dei kjem til å møta opp om dei berre har milde symptom.

– Terskelen for å droppa eksamen er veldig høg når studentane har brukt så mykje energi og krefter på å øva til eksamen, seier Kjæmpenes, som og er nestleiar i Helix.

Studentparlamentet ved UiB har bede universitetet gjera alle fysiske eksamenar om til heimeeksamenar.

Dei bekymringane må me ta på alvor, seier Thomas Helland-Hansen, som er leiar i Studentparlamentet.

Leiar i Studentparlamentet ved Oslo Met, Rolf Martin Aspenes, kallar det deira «største utfordring» å få fysiske eksamenar gjort om til heimeeksamenar.

Me opplever at studentane møter ein vegg når dei tar det opp, seier han.

Dei skulle gjerne sett at regjeringa la ned eit forbod mot å arrangera fysisk eksamen i regionar med høg smitte.

– Eg forstår at studentar er bekymra. Me får mange førespurnader om dette og tar dei på alvor, seier fungerande prorektor ved Oslo Met, Silje Bringsrud Fekjær.

Ho opplyser at dei vil gjennomføra eksamenar digitalt der det er fagleg forsvarleg og praktisk gjennomførbart. Oslo Met har omgjort minst halvparten av kandidatane sine eksamenar til digitale eksamenar.

Rolf Martin Aspenes, leiar i Studentparlamentet ved Oslo Met

UAKSEPTABELT: Studentparlamentet ved Oslo Met synest det er uakseptabelt at fysisk eksamen blir gjennomført ved universitetet, opplyser leiar Rolf Martin Aspenes.

Foto: Ingrid-Elisabeth Ringstad / Studentparlamentet ved OsloMet

Departementet forstår uroa

Oddmund Løkensgard Hoel (Sp) er statssekretær i Kunnskapsdepartementet.

Han seier det er viktig for progresjonen og læringa til studentar og elevar at eksamenar på universitet, høgskular og fagskular blir gjennomført.

Her forventar eg at dei ulike institusjonane følger dei til reglane som til ei kvar tid gjeld lokalt og sørgjer for at studentane kan få ei så god eksamensoppleving som mogeleg.

– Ei naudløysing

Prorektor ved Universitetet i Bergen, Pinar Heggernes, kallar eksamenane som har vore flytta frå sal til digitale heimeeksamenar under pandemien for «ei naudløysing».

– Det er eigentleg ikkje ei vurderingsform me har. Me følgjer til ein kvar tid dei råd som kjem frå myndigheitene, både lokalt og nasjonalt. Det er ingenting der som tilseier at me skal gjera noko med eksamen, seier ho

Pinar Heggernes, prorektor ved UiB

TRYGT: UiB har gjort mange tiltak for å sikra at eksamen kan gjennomførast på ein trygg måta, seier prorektor Pinar Heggernes.

Foto: Sjur Mikal Dolve / NRK

Den største salen som UiB brukar til å gjennomføra eksamen, tek i underkant av 140 kandidatar. For å sikra trygg gjennomføring, har universitetet mellom anna tilrettelagt med puljevis innslepp, god avstand og god lufting.

– Og sjølvsagt skal du ikkje møta opp om du har luftvegssymptom.

– Men så mange som 75 prosent seier at dei vil møta opp sjølv om dei har symptom?

Eg stolar på at våre studentar er vaksne personar som følgjer myndigheitene sine anbefalingar. Eg kan forstå at ein ynskjer å svara litt annleis i ei slik undersøking enn korleis ein faktisk vil oppføra seg i verkelegheita.