Student «Karoline»: – Eg er livredd for å vere aleine

SOGN (NRK): Då koronaen råka landet, blei studenten «Karoline» råka hardt med angst, depresjon og isolasjon. No fryktar ho konsekvensane av dei nye, strenge tiltaka.

"Karoline" er student i koronatida.

TØFFE TIDER: For «Karoline» blei 2020 alt anna enn det ho trudde. No ventar nye utfordringar som student i 2021.

Foto: NRK

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

Den aktive 32-åringen frå Sogn elskar å studere, lære og vere sosial med dei andre studentane.

Men 12. mars i fjor snudde alt. Ho er ein av dei som blei hardt råka med mentale utfordringar då regjeringa stengde ned landet vårt.

– Det har eigentleg vore heilt forferdeleg. Dette er det mest utfordrande året eg har hatt, og kanskje det mest utfordrande året eg kjem til å få. Det er noko med det når fundamentet ditt ristar, seier «Karoline» til NRK.

No har regjeringa stramma ytterlegare inn og ber studentar om å ikkje møte opp på skulestadane.

Sjølv bur ho heime med slektningar som kan bli alvorleg sjuke eller døy av covid-19. Det er tøffe dagar.

– Eg er ikkje så tøff som eg trudde. For meg så har konsekvensane vore store. Eg gjekk ned ti kilo, eg var redd alt, eg torde ikkje å gå ut.

Isolerte seg

Ho har bede om å få vere anonym. Det er ikkje alle i familien og omgangskrinsen som veit at ho slit. Utad er ho den blide, hyggelege og flinke som tok ei ny og utfordrande utdanning.

Dei veit ikkje at einsemda har tatt tak i ho. Kva som skjer no framover veit ho ikkje. Veit ikkje om ho taklar nye månader med heimestudium.

– Eg isolerte meg på ein måte eg ikkje hadde trudd eg kom til å gjere. Å vere så sosial som eg vanlegvis er, for så å bli redd folk. Det er ikkje noko gøy.

Kristin Bergersen er informasjonsansvarleg i organisasjonen Mental Helse. Ho forstår godt at «Karoline» og mange andre studentar føler at det er vanskelege tider.

– Generelt kan vi seie at det har blitt aukande angst, aukande depresjon, frykt, einsemd og isolasjon. Dei tiltaka som regjeringa har lagt fram no, vil forsterke dette, meiner Bergersen.

Mental Helse har fått inn meir enn 220.000 henvendelsar i 2020, Det er ein auke på meir enn 40.000, samanlikna med 2019 då organisasjonen hadde 182.000 samtalar. I 2020-tala ligg også nye tenester. Organisasjonen har oppbemanna og fått fleire telefonlinjer.

Kristin Bergersen

UTFORDRANDE: Kristin Bergersen i Mental Helse fortel at dei får svært mange telefonar og chattar frå folk som slit, både barn, unge, og vaksne.

Foto: Mental Helse

Lagar tilbod til studentar

Når skulane ikkje opnar igjen etter nyttår og statsministeren ber folk om å halde seg heime, vil det få konsekvensar, meiner organisasjonen.

– Eg tykkjer at regjeringa burde ha vore meir førebudde på dette. Vi skulle jo sjå mot 2021 som eit håpets år, seier Bergersen.

Mental Helse forsøker også nå å etablere ei eiga telefonteneste retta mot studentar. Dersom finansieringa løyser seg, vil det nye tilbodet vere i gang i løpet av februar.

Over heile landet skulle mange tusen studentar no ha starta opp vårsemesteret. Men studentar som kan halde seg heime, blir oppmoda til å gjere det, og ikkje reise tilbake til studiestaden.

– Undervisninga skal gå digitalt, seier rektor ved Høgskulen på Vestlandet, Gunnar Yttri.

– De planla fysisk oppstart dette semesteret. Korleis er det å gå tilbake på det?

– Det er eit vonbrot. Eg tenkjer særleg på dei 17.000 studentane våre, og dei nær 300.000 studentane i landet. Omfanget det får for unge menneske under utdanning, er tungt, seier Yttri.

Fryktar hardt press

Heime i Sogn forsøker «Karoline» å førebu seg til eit nytt semester innan den helseutdanninga ho tar.

Etter planen skal ho no flytte til utlandet og gjere ferdig utdanninga der. Om det blir noko av, veit ho ikkje.

– Eg prøver å vere positiv, men eg er livredd for å vere aleine.

Ho fryktar no at det psykiske helsevernet i Noreg vil bli overbelasta når pandemien ein gong tar slutt. Ungdomar og studentar vil stå i kø, fryktar ho.

– Du skal prestere, du skal klare eksamen, du skal sitte heime og lese og aller helst vere kjempeflink. Det er forventa at du skal kome igjennom dette. Du sit likevel heilt aleine i det, seier «Karoline».

Mer om koronaviruset

Status Norge

Sist oppdatert: 27.01.2021
1 915
Smittede/uke
120
Innlagte
556
Døde
80 358
Vaksinerte