Hopp til innhold

Forstår ikkje kritikk om mangelfull informasjon

Norsk Mottaksdrift tar til motmæle etter kritikk frå Stryn kommune om mangelfull informasjon rundt etablering av asylmottak.

Per Erik Lykstad i Norsk Mottaksdrift

NULL FORSTÅING: – Vi har vore i fleire møter med Stryn kommune og har hatt ein god dialog med dei, seier Per Erik Lykstad som er dagleg leiar i Norsk Mottaksdrift.

Foto: Bård Siem / NRK

– I dette tilfellet har eg ikkje noko forståing for det. Vi meiner at Stryn kommune er svært godt informert gjennom fleire rundar. Tilbodet vårt om å inngå eit meir langsiktig samarbeid har vi heller ikkje fått noko tilsvar på, seier Per Erik Lykstad som er dagleg leiar i Norsk Mottaksdrift.

Norsk Mottaksdrift har planer om å etablere asylmottak i Stryn med 150 plassar. Dei meiner ikkje dei har gitt Stryn kommune mangelfull informasjon rundt ei mogeleg etablering. I går kom det fram at Stryn kommune etterlyser meir informasjon rundt ei slik etablering.

Klar tale til ordføraren

– Vi har ved fleire anledningar vore i møte med Stryn kommune om eit tilsvarande driftsopplegg som vi skisserer denne gongen, og det er gitt utfyllande informasjon ved fleire anledningar. I 2014 føreslo vi overfør ordføraren å inngå eit meir langvarig prosjekt på dette for at kommunen kan vere budd og samarbeide.

– Så du meiner de har gitt Stryn kommune rikeleg informasjon?

– Ja i fjor haust sende eg fleire epostar til ordføraren og tilbydde eit samarbeid for å bu kommunen. Det har vi fått veldig lite respons på, og vi har prøvd å få tak i informasjon, men vi har fått veldig lite tilbakemeldingar. Og vi har vore i kontakt med kommunen fleire gongar, så eg meiner dei er godt nok informerte.

Har hatt gode møter

Han seier møta med Stryn kommune har vore gode og at dei har ein konstruktiv dialog og trur på eit godt samarbeid. Lykstad forstår at enkelte kommunar kritiserer dei og at ting går for fort, men ikkje i dette tilfellet.

– Eg kan forstå at enkelt meiner det er raske prosessar. Men konkurransegrunnlaget til UDI er gitt og vi informerer i tråd med dei retningslinjene. Så vi har informert slik vi skal på så kort tid vi maktar.