Hopp til innhold

Meiner det aldri bli bru over Nord- fjorden om ein går for indre line

– Det kjem neppe bru over Nordfjorden dersom Stortinget legg E39 via Stryn, meiner Sp. Feil, seier Frp.

Video Utspørjing av Jenny Følling

Jenny Følling vil ha stamvegbrua via Anda-Lote.

Foto: Nyhetsspiller

Det er fylkesvaraordførar og gruppeleiar for Senterpartiet, Jenny Følling, som trur ein må sjå langt etter bru dersom indre line blir valt. Ho har problem med å tru at denne brua kjem når ein skal kjempe om middel med andre tiltak.

– Dersom ein får rusta opp Olden-Innvik så blir den vegen bra og då blir ikkje omkøyringa om indre Nordfjord så lang at ein greier å få milliardar til ei bru i indre Nordfjord, seier Følling.

Vil knyte saman område

Vegvesenet meiner tunnel under Utvikfjellet og bru til Svarstad er beste løysinga for framtidig E39, men Følling trur ikkje brua kjem.

– Skal ein få ferjefri E39 så er det størst sjanse for å få bygd den der det er ferje i dag. Der får ein også knytt saman eit bu- og arbeidsområde mellom Gloppen og Eid, seier ho.

Tilspissar seg

Kampen om bru over Nordfjorden tilspissar seg.

Vågsøy vil ha ei stamvegbru lengst mogleg inn i fjorden i håp om å auke sjansane for at fylket ein gong i framtida vil bygge bru i ytre som del av Kystvegen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Frank Willy Djuvik (Frp)

Frank Willy Djuvik er sterkt usamd med Sp i stamvegsaka.

Foto: Oddleif Løset/NRK

Frp kritisk til Sp

Fylkesleiar i Frp, Frank Willy Djuvik har liten sans for Følling sin argumentasjon.

– Dette er ei avsporing av debatten der ein prøvar å legitimere sitt eige syn på ein feil måte, seier han.

Frp har så langt ikkje teke standpunkt til stamvegeline, men Følling sitt standpunkt kjøper han ikkje.

Må vente lenge på bru

– Eg trur realismen i ei brukryssing er akkurat like stor for indre som for midtre, så dette vil ikkje vere eit avgjerande argument for oss når vi skal konkludere i saka, seier Djuvik.

Han trur ei bru over Nordfjorden uansett vil ligge langt fram i tid.

– Det vi er nøydde til å vere realistiske på er at uansett kva traseval vi tek, så vil det ta veldig mange år før vi får ei brukryssing i Nordfjord, seier Djuvik.