Hopp til innhold

Stian (35) får bot på 330.000 kroner om han forlèt hotellrommet

Stian Birkestrand er ein av få som får kome inn i Australia. Landet har så strenge koronareglar at 35-åringen risikerer bot og fengsel om han ikkje følgjer dei.

Stian Vik Birkestrand sit i karantene i Perth, Australia.

KARANTENE: Stian Vik Birkestrand sit i karantene i Perth, Australia.

Foto: Stian Vik Birkestrand / PRIVAT

– Eg kan kjenne at eg ikkje har fått røra meg så mykje, med vondt i både rygg og bein, seier Stian Birkestrand (35).

Han snakkar til NRK på telefon frå eit hotellrom i byen Perth i Australia. Birkestrand, som kjem frå Austrheim i Vestland, merkar godt kor strenge karantenereglar dei praktiserer i Australia.

No har han éin dag att av den to veker lange isolasjonen på hotellrommet.

– Det skal bli veldig herleg å komme ut. Utan balkong eller vindauge som er moglege å opne, har eg ikkje fått frisk luft på to veker, seier han.

Stian (35) får bot på 330.000 kroner om han går ut av hotellrommet.

Stian (35) får bot på 330.000 kroner om han går ut av hotellrommet.

Svært strenge reglar

Trass i at Australia har ei befolkning på over 25,5 millionar menneske, har dei nesten det same talet på koronasmitta som Noreg.

Landet innførte innreisenekt for utlendingar då pandemien var eit faktum.

Men ein av dei godkjende grunngjevingane for å kome inn i Australia, er dersom ein skal utføre ein jobb som ingen andre i landet kan gjere. Regelen er til for å sikre viktige verksemder og næringar.

Som reiseingeniør i oljebransjen er Birkestrand unnateke frå innreisenekten.

Stian Vik Birkestrand på hotellrommet der han har sitte isolert i snart to veker.

ÅLEINE: Stian har ikkje hatt fysisk kontakt med nokon på snart to veker, men har halde kontakten med vener og familie via Skype.

Foto: Stian Vik Birkestrand / PRIVAT

Då han landa i Australia fekk han klar beskjed om å gå i karantene. Politiet eskorterte han ut av flyplassen og inn til hotellrommet.

Følgjene av å bryte karantenereglane er knallharde. Opnar Birkestrand døra og går ut av hotellrommet, ventar ei saftig bot på 50.000 australske dollar eller tolv månaders fengsel.

– Eg trur det ville blitt vanskeleg å ta den på reiserekninga til jobben, seier Birkestrand humoristisk.

På spørsmål om han meiner at reglane er for strenge svarar han:

– Nei, eg trivst godt i mitt eige selskap. Dette er opp til Australia. Her i Perth og i Vest-Australia er det så vidt eg har sett, nærast ingen smitte, så det har jo funka for dei.

STRENG STRAFF: Informasjon om straffa ein får dersom ein bryt karantenereglane.

STRENG STRAFF: Stian fekk beskjed av politiet på flyplassen at folk som hadde prøvd å rømme frå karantenen no sat i fengsel. Om det var sant eller vart sagt for å skremme, veit han ikkje.

Foto: Stian Vik Birkestrand / PRIVAT

Ommøblerte hotellrommet

Birkestrand seier at rommet han har vore isolert i dei siste 13 dagane, er på om lag 15 kvadratmeter. Med så lite plass er det vanskeleg å få røra på seg.

Han valde derfor å ommøblere rommet slik at han fekk meir plass til å «gå tur». Han medgjev at det elles blir mykje stillesitting og soving.

– Dei fyrste dagane prøvde eg å halde på ein struktur, men det sklei ut etter kvart, seier Birkestrand.

Dagane går med til å sjå på Netflix, lese bøker og lytte til podkastar. Dei isolerte får tre måltid om dagen, av ein kvalitet som Birkestrand samanliknar med flymat.

KARANTENEKALENDER: Dei isolerte på hotellet får utdelt ein kalender til å hjelpe seg med å telje ned dagane. Her får ein daglege tips for å gjere karantenetida enklare.

NEDTELJING: Dei isolerte har fått utdelt ein kalender med eit dagleg tips for å gjere dagane i isolasjon litt lettare.

Foto: Stian Vik Birkestrand / PRIVAT

Må feire jul i norsk karantene

Onsdag kan Stian endeleg ta det fyrste steget ut av hotellrommet. Då er han ferdig med karantenen, og skal rett på jobb.

Birkestrand ser også fram til å nyte utelivet og gå på konsertar. For trass i svært strenge innreisereglar, er samfunnet i staten Vest-Australia for augeblikket meir ope enn heime i Noreg.

Om alt går etter planen skal han heim att før jul. Men då ventar enno ei karantene på ti dagar.

Difor skal både julekveld og bursdag feirast i karantene, men Birkestrand ser ikkje mørkt på det.

– Den norske karantenen er ikkje så gale. Eg skal lage meg noko god mat, og kanskje ta ein tur på fjellet på julekvelden.

HOTELLFRUKOST: Kvar morgon får dei isolerte på hotellet levert frukost på døra. Den som leverar maten må ha gått, før dei får lov til å opne døra for å hente inn matbrettet.

HOTELLFRUKOST: Kvar morgon får dei isolerte på hotellet levert frukost på døra. Den som leverer maten må ha gått, før dei får lov til å opne døra for å hente inn matbrettet.

Foto: Stian Vik Birkestrand / PRIVAT