Hopp til innhold

Streiken kan råke flytrafikken

Streiken blant statsmeteorologane gjer at Widerøe no berre flyg etter visuell sikt og observasjonar frå flytårna på kortbanenettet.

Widerøe Dash 8-103 GARDERMOEN

HÅPAR PÅ GODT VÊR: Widerøe-flygarane må ha god sikt for å kunne ta av og lande.

Foto: Lien, Kyrre, Kyrre Lien / SCANPIX / SCANPIX

Så langt har fint vêr tillete normale flygingar, men flya blir no tanka fulle av drivstoff. For i verste fall kan dei måtte fly til Sverige, seier kommunikasjonsdirektør Richard Kongsteien i Widerøe.

– Utan gode vêrvarsel er vi avhengige av visuelle observasjonar og sikt, så auke i talet på kanselleringar kan bli resultatet.

Richard Kongsteien, Widerøe

REKNAR MED DET GÅR BRA: Kommunikasjonsdirektør Richard Kongsteien.

Foto: Widerøe

Kan hamne i Sverige

Ein tenkjer kanskje ikkje over det. Men når du sit og døsar i lufta, brukar pilotane fremst i flyet vêrvarsla aktivt. Og no streikar meteorologane, både i aust og vest, konstaterer Kongssteien.

– Dermed er vi nøydde til å flyge med eit større tal alternative, bemanna flyplassar. Det kan vere i Sverige, og dermed må vi ha veldig mykje drivstoff

Med fulle drivstofftankar kan det bli ei ufordring å gå med fullasta fly. Men her er Widerøe og flypassasjerane heldige med årstida.

– Folk er lettare om sommaren enn om vinteren, vi har mindre kle og har med oss mindre utstyr, men eit fly som har drivstoff til to alternative flyplassar i Sverige er ein god del tyngre enn eitt som berre skal hoppe frå Førde til Oslo.

– Kan passasjerane risikere å bli sett av i Sverige?

– I verste konsekvens er det ein teoretisk risiko, i praksis vil nok ikkje det skje. Men vi kan risikere å måtte avvise passasjerar fordi flya blir for tunge. Så langt har ikkje det skjedd, så vi reknar med at det skal gå greitt.

Ombordstigning i WF145 frå Anda

KAN BLI AVVIST: Flypassasjerar kan risikere å måtte stå igjen fordi flyet er for tungt.

Foto: Birger Meland / NRK

Konsekvensar også for Nordsjø-helikopter

Også helikoptera som fraktar oljearbeidarar til og frå plattformene i Nordsjøen må no planlegge alternative ruter, opplyser lufthamnsjef i Florø, Siv Merete Stadheim. Heller ikkje her har vêret så langt ført til ekstra utfordringar.

I Widerøe håpar kommunikasjonsdirektør Richard Kongsteien på godt vêr.