Hopp til innhold

Strammar inn retningslinjene mot «jomfruhinnesjekk»

Regjeringa kjem no med tydelege retningslinjer for den ulovlege praksisen knytt til såkalla «jomfruhinnesjekk». – Det betyr mykje, seier spaltist og debattant.

Gynekologisk undersøkelsesstol

MOT LOVA: Såkalla «jomfruhinnesjekkar» strir mot norsk lov. Slike undersøkingar kan heller ikkje vise om ei kvinne har hatt samleie, presiserer Helse- og omsorgsdepartementet.

Illustrasjon: Ingvild Fjelltveit / NRK

– Eg ser på dette som eit fornuftig tiltak, seier Sedina Atic Kvalvik. Ho er overlege og gynekolog ved Kvinneklinikken i Bergen.

I eit rundskriv til alle landets helseføretak, kommunar og andre helseinstansar understrekar regjeringa at underlivsundersøkingar for å sjekke om unge jenter har hatt samleie strir mot norsk lov.

Sjølv har ikkje Kvalvik fått spørsmål om å gjere denne type sjekkar, men Kvalvik synest det er positivt at regjeringa tydeleggjer overfor helsepersonell at praksisen er ulovleg.

Sadina Atic Kvalsvik

FORNUFTIG TILTAK: Overlege og gynekolog Sedina Atic Kvalsvik ved Kvinneklinikken i Bergen synest presiseringa frå regjeringa er fornuftig.

Foto: PRIVAT

– Når ein kan vise til at dette er ulovleg etter norsk lov, gjer det jobben vår enklare, seier ho.

– Uakseptabel kontroll

– Undersøkingar som har som formål å skulle avkrefte eller stadfeste at ei kvinne framleis er jomfru, fører til legitimering av ein heilt uakseptabel kontroll av kvinner sitt seksualliv og privatliv.

Det seier Maria Jahrmann Bjerke (H), statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet.

I rundskrivet klargjer departementet overfor alt helsepersonell at dersom ein gjer denne typen undersøkingar eller medverkar til det, så er det eit brot på helsepersonellova sitt krav om å opptre forsvarleg og omsorgsfullt, påpeiker Bjerke.

Statssekretær Maria Jahrmann Bjerke

ULOVLEG: – Vår klare beskjed er at dette strir mot norsk lov, og det er også det som er presisert i det rundskrivet som no er sendt ut, seier statssekretær Maria Jahrmann Bjerke.

Foto: Camilla H. Wernersen / NRK

Handlar om livet til kvinner og barn

– Endeleg, seier Isra Zariat.

I 2016 fekk Zariat sett søkelys på dei såkalla jomfruhinnesjekkane og unge minoritetsjenters seksualitet, som debattant og spaltist i NRK Ytring. Ho har sidan den gong stilt spørsmål ved praksisen.

– Dette har eg jobba for sidan 2016, og eg ser på det som livsviktig. Heilt sidan eg tok dette opp har eg fått høyre enda fleire historier, fortel Zariat.

Isra Zariat

– LIVSVIKTIG: – Eg ser på dette som livsviktig, seier Isra Zariat.

Foto: Privat

Ho seier dette handlar om livet til unge kvinner og barn – derfor betyr presiseringa frå regjeringa mykje.

– Eg er glad for at rundskrivet er blitt sendt, og eg skal følge nøye med. Dette er noko eg har jobba hardt for at skal vere tydeleg og klart i fleire år no.

  • Høyr Isra Zariat i «Mellom himmel og jord»:

Høyrer ikkje inn under helsehjelp

Leiar av Norsk gynekologisk foreining Kirsten Hald synest det er positivt at det blir presisert at desse undersøkingane ikkje høyrer inn under helsehjelp.

Hald påpeiker, som det blir gjort i rundskrivet, at ei gynekologisk undersøking ikkje kan avgjere om ei kvinne har hatt samleie eller ikkje: Det finst inga «hinne» i skjedeinngangen.

– Vi meiner at ikkje berre det å gjere ei slik undersøking, men også å gi inntrykk av at man kan konkludere noko etter ei slik undersøking strider mot prinsippet om forsvarlegheit, uttaler Hald.

Ho fortel at det blant kollegaer ho har snakka med, ikkje er vanleg å få spørsmål om å gjere slike undersøkingar.

Saka har bakgrunn i fleire medieoppslag hausten 2016. Statssekretæren seier dei ikkje heilt kjenner omfanget av denne typen undersøkingar.

– Vi veit jo frå den debatten som var for nokon år tilbake at også i Noreg så har enkelte jenter med minoritetsbakgrunn blitt tatt med til lege av foreldre eller slektningar som ønskjer å undersøke om dei har hatt sex med nokon, seier Bjerke.

Kort NaN av 11

Jomfruhinna:
Finnes den,
eller er den
en myte?
 

Foto: Getty Images

Nancy (24) og Sofia (26) har skrevet boka «Skamløs» om hva religion og negativ sosial kontroll kan gjøre med unges frihet.

Mariam Anjum, lege

Legen Mariam (26) mener det er på høy tid å avlive myten om jomfruhinna.

Foto: Vigdis Wågø-Wares / NRK
Tuva Tagseth
Journalist
Publisert 9.9.2020
Del på Facebook Del på Twitter