– Det er sommar i mai, seier vakthavande meteorolog Marit Berger.
Fram til klokka 17 kunne ho sjå at fleire stader i Sør-Noreg hadde temperaturar rett under eller rett over 25 grader.
Dei ti varmaste stadane i dag er:
Gulsvik i Viken, 26,8 grader.
Nesbyen i Viken, 25, 9 grader
Etne i Vestland, 25, 8 grader
Vossevangen i Vestland, 25,3 grader
Otta i Innlandet, 25,1 grader.
Kvamsøy i Møre og Romsdal, 25,1 grader
Sigdal i Viken, 24,9 grader
Notodden i Vestfold/Telemark 24,7
Bergen, Vestland, 24,5 grader
Stryn, Vestland, 24,5 grader
Det er sjeldan at det er så høge temperaturar både i aust og vest i Sør-Noreg samstundes. Men det var det i dag.
– Det har vore varmt generelt i heile Sør-Noreg. Det ser ut til at det skal halde fram , seier Berger.
Dei neste dagane vil også Nord-Noreg få varmare ver, seier meteorologen.
– Søndag blir det finare ver i Nordland og Troms. Dei som bur i Finnmark må vente litt lenger, seier ho.
Mange ville ut
Mange ville ut, men det var store kontrastar på kor tett det var med folk i ulike delar av landet.
Desse bileta er tekne frå Kragerø på dagtid laurdag.
Stappfulle gater, der mange samla seg for å kjøpe is.
Framleis er det generelle rådet frå Folkehelseinstituttet å halde avstand, også når ein er utandørs. På den første skikkelege sommardagen vart det fort trongt om plassen.
Også i Jotunheimen var det fleire som ville ut på tur i dag. Her var det langt betre plass.
– Det er kjempefint både oppe og nede. Fint føre. Heilt prima. Shirtsver heile turen, seier Ola Vaagasar Øygard.
Han og vennegjengen var raske med å finne fram skia då dei såg vêrvarselet for helga. I dag kunne dei lett finne område å gå for seg sjølve.
– Herleg å prøve dette området, for her har vi ikkje vore så mykje, seier Ragnhild Vestad.
Dei trur det kan bli bra med folk i fjellet i løpet av sommaren.
– Dersom det blir fint ver framover trur eg det bra med trafikk i fjellet. Vi er kjempeheldige som sit på desse områda.