- Vi har ikkje pakka laks sidan straffetollen vart innført, men vi har vore heldige og fått ein del ekstern slakting av aure for andre kundar, men no går ikkje det lenger. Så frå fredag er alle dei tilsette ved pakkeriet permitterte, seier Braanaas.
Har høgare straffetoll
Firda Management er ein av ca 90 oppdrettarar på landsplan som er særleg hardt råka av straffetollen. Dei har nemleg fått 24,5% i straffetoll, medan dei fleste har ca 16% straffetoll.
- Med den slaktinga vi har lagt opp til taper vi ein halv million kroner i veka i forhold til dei som berre har 16% straffetoll, seier Braanaas.
Konkurransevriding
Per Dag Iversen, avdelingsdirektør i Fiskeri og Havbruksnæringens Landsforening, seier at straffetollen verkar sterkt konkurransevridande og heilt klart går ut over selskap som Firda Management. Dei som først merkar problema er dei som sit med den høgste straffetollen, seier han. Braanaas meiner det er eit paradoks at det er dei store selskapa som Pan Fish og Fjord som har fått dei lågaste tollsatsane, medan dei mindre bedriftene sit med 24,5 prosent.
Må holde ut i eit halvt år
Iversen, som er sentral i forhandlingane med EU-kommisjonen, seier Ola Braanaas. Han og dei andre 90 oppdrettarane må vere førebudde på seks månader med straffetoll. Elles er han svært ordknapp om korleis forhandlingane går med EU.