Hopp til innhold

Støttar ortopedinedlegging

Administrasjonen i Helse Vest godtek nedlegging av ortopediklinikken i Lærdal.

Lærdal sjukehus
Foto: NRK

Saka skal opp i styret neste veke, men tilrådinga frå administrasjonen gir full støtte til Helse Førde sitt vedtak, seier informasjonsdirektør Bjørg Sandal.

 

 

Informasjonsdirektør Bjørg Sandal
Foto: NRK

- Ikkje grunnlag for omgjering

- Det vedtaket Helse Førde har fatta ser vi i administrasjonen ikkje noko grunnlag for å gjere om på, så får vi i neste omgang sjå på kva styret vårt meiner om det.

- Behovet har endra seg

Ortopediklinikken i Lærdal vart oppretta i hovudsak for å skaffe inntekter gjennom å behandle pasientar frå Hordaland, sidan Sogn og Fjordane meinte å ha nok kapasitet til eigne pasientar i Førde og på Nordfjordeid. Denne føresetnaden slo ikkje til, og det vart hovudargumentet for nedlegging. Helse Vest er samd.

- Behovet har nemleg endra seg dei siste åra, slik at vi har ei større dekning på ortopeditilbodet no enn for nokre år sidan, og det same gjeld Helse Førde.

- Ikkje ei sak for statsråden

Helse Vest vurderer vedtaket om Lærdal på oppmoding frå helseministeren, etter at forkjemparane har bede statsråden gjere om vedtaket. Administrasjonen i Helse Vest meiner dette ikkje er ei sak for statsråden.

-  Vi meiner dette er innanfor dei rammene som eit helseføretak sjølv kan rå over, men det er sjølvsagt mogeleg at departementet kan ha ei anna meining, så den døra må vi alltid halde open.

- Lærdal får styrka tenestetilbod

Styret i Helse Vest handsamar saka neste onsdag, og då får dei også servert ei vurderig som seier at nedlegging av ortopediklinikken ikkje vil føre til vesentleg endring av kompetanse og fagleg innhald i Lærdal.

- Vi må og hugse på at det faktisk er tenestetilbod som blir styrka og tilført sjukehuset i Lærdal, det er ein del av historia som kanskje ikkje er komen tydeleg nok fram, seier informasjonsdirektør Bjørg Sandal. 

- Så Lærdal får framleis eit velfungerande sjukehus?

- Slik vurderer vi det, ja.