Hopp til innhold

Støttar ikkje opp om rusettervern

Rusettervernet i HAFS står i fare for å forsvinne. Kommunane vil ikkje gje pengar til arbeidet.

pille i munnen

Illustrasjon

Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

Ettervernsgruppa som skal hjelpe tidlegare rusmisbrukarar å halde seg vekke frå rusen, har i dag så dårleg råd at dei knapt får til å møtast.

HØYR: Å leve med rus - del 1 - Karn Anne

HØYR: Å leve med rus - del 2 - Leif

- Det burde ikkje vere slik at det er på grensa til at medlemane kjem seg på møte eller ikkje. Det kan ikkje stå på nokre lusne kroner frå kommunane, seier leiar Leif Skaar.

- Dei kan ta kontakt

Dei får stadig nye medlemar, men går likevel med 40 000 kroner i minus. Noko hjelpande hand får dei i liten grad frå kommunane Hyllestad, Askvoll, Fjaler og Solund. Berre Hyllestad har svart på søknaden om midlar.

- I følgje kommunehelselova paragraf 6.1, skal kommunane følgje opp ettervernsgruppene med midlar for å ha det i drift. Vi har både email og telefonar, så det går å ta kontakt, seier Skaar.

Helle orsakar

Gruppa kjenner seg oversett av kommunane og Skaar fryktar for tilbodet til brukarane. Fjaler-ordførar Arve Helle vedgår at kommunen ikkje har svart etterverngruppa på skrivet. Og orsakar.

- Det er ganske enkelt ikkje godt nok og skal ikkje skje. Då har dei uansett rett på ei betre handsaming enn ein to månadar gamal søknad utan svar, seier han og rosar gruppa for arbeidet.

- Gjer offentlege sitt arbeid

Fjaler har tidlegare vore inne med støtte til rusetterverngruppa. Han vil no møte dei for å få ein dialog.

- På frivillig basis gjer dei på mange måtar arbeid som er det offentlege sitt ansvar. Difor fortener dei å bli tekne på alvor, seier Helle.