Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap føreslår å leggje ned Alarmsentralen i Sogn og Fjordane og flytte ansvar den til Bergen, og avgjerd er venta om kort tid.
– Heile storingsbenken vil gå til Justidepartementet og argumentere sterkt for Florø, seier leiar av Sogn og Fjordane-benken, Ingrid Heggø (Ap).
- LES OGSÅ:
Stor motstand
Totalt vil DSB leggje ned ni av landets 21 alarmsentralar. Sentralane tek hand om 110-naudanropa ved brann, og overvakar også automatiske brannvarslingsanlegg og tryggleiksalarmar.
I Sogn og Fjordane har forslaget møtt stor motstand. Men fylket ser ut til å stå åleine i kampen - med unnatak av støtte i ei utsegn frå Vestlandsrådet.
- LES OGSÅ:
Søndag kveld kunne NRK.no fortelje at alarmsentralen i Florø ikkje får noko hjelp frå naboane i sør. I eit høyringsbrev til DSB skriv leiaren for brukarutvalet (eigarkommunane, red.anm.) for alarmsentralen i Bergen at dei gjerne ser at sentralen får ansvar brannberedskapen til kommunane i Sogn og Fjordane.
(Artikkelen held fram under biletet.)
Også politiet er truga
Men Heggø lovar kamp.
– Vi går i samla tropp heile benken, om kor viktig alarmsentralen er for heile Sogn og Fjordane.
Det er ofte alle dei fire partia med representantar frå Sogn og Fjordane står samla bak sak, men både Frp og Høgre blir med dei raudgrøne i denne saka.
– Eg meiner alarmsentralen i Florø absolutt har sin funksjon. Men eg tykkjer også at vi ser desse tinga i samanheng, seier Bjørn Lødemel og viser til at også Sogn og Fjordane politidistrikt kan stå for fall når Politidirektoratet no har starta arbeidet med å sjå på si organisering.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Dette er god Sp-politikk
I Senterpartiet er stortingsvararepresentant Knut M. Olsen oppteken av at kompetansemiljøet i Florø, der både Alarmsentralen og politidistriktet ligg vegg til vegg i politihuset, må få leve.
– Dette er viktig å ta vare på. Det er viktig med nærleik og lokalkunnskap, ikkje minst i eit fylke som vårt. Dette er god distriktspolitikk for Senterpartiet, seier Olsen.
- LES OGSÅ:
(Artikkelen held fram under biletet.)
Vil fokusere på lokalkunnskapen
110-sentralen i Florø er mellom landets mest moderne, og er der den ligg samlokalisert med politiet eit bygg frå 2008. Mellom anna er det alt lagt til rette for det nye digitale naudnettet, som skal komme.
I tillegg blir nærleik til brukarane eit kronargument. I dag får sentralen ca 1000 brannalarmar i året, 2500 tekniske alarmar og 50 000 anrop frå tryggleiksalarmar i hovudsak frå eldre, seier Olav Lunden i KS.
– Mange eldre bur spreitt og er åleine. Dei brukar tryggleiksalarmen, og kanskje litt meir enn dei burde. Men dette blir sortert ut, fordi ein kjenner brukarane.
- LES OGSÅ:
Ingrid Heggø har difor gode argument på hand når ho blir hærførar for benken hos justisminsiteren.
– Eg trur det er kjempeviktig at vi står samla og har breidde bak og vise at lokalkunnskap er viktig i denne saka. Det er det som er kjernen ,når vi vil halde på alarmsentralen, seier stortingsrepresentanten.