Hopp til innhold

Stortinget krev ny miljøordning for oppdrettsnæringa

Stortinget ber regjeringa fremje forslag om ein teknologinøytral miljøfleksibilitetsordning innan 2024.

Målet er å sikre at det blir tatt i bruk låg- og nullutsleppsteknologi for å redusere utslepp og bidra til å redusere lusepresset på oppdretts- og villfisk.

– Dette har næringa venta lenge på, og når det kjem på plass vil det skape føreseielegheit for investeringar og bidra til den omstillinga næringa må gjennom, seier næringspolitisk talsperson i Høgre, Linda Hofstad Helleland.

NRK har tidlegare skrive at opposisjonen er oppgitt over at regjeringa har varsla ei ny miljøteknologiordning først neste år, når fiskeri- og havminister Cecilie Myrseth (Ap) legg fram «ei meir heilskapleg havbruksmelding».