I haust flytta familien Slagstad tilbake til Gloppen etter å ha selt aksjar i suksessrike verksemder i Canada til Pan Fish. Og som mange andre fekk dei oppgjeret betalt i aksjar.
Om vi føreset at ekteparet hausten 2000 hadde nesten 1,5 millonar Pan Fish-aksjar, slik dei har i dag, kunne dei den gongen ha fått nesten 113 millionar kroner for dei. I går var ikkje aksjeposten deira verd meir enn 1,5 millionar kroner.
Ikkje bitter
Slagstad, som var med å bygde opp mykje av det Pan Fish driv i Canada i dag, er ikkje bitter, påstår han. Det kan vere ei trøst at han ikkje er åleine. Selskapet var for to år sidan verd 13 milliardar. I dag er det verd under 200 millonar. Det er 8500 aksjonærar. 608 av dei står registert med bustadadresse i Sogn og Fjordane. Slagstad meiner ei av årsakene til nedgangen er mangel på kunnskap hjå investorane. Dei blir hysteriske når nedgangen melder seg, seier han.
Lir ikkje naud
Men Slagstad seier han ikkje lir naud sjølv om han kunne hatt ein konto som kunne vist heilt andre summar enn det han har i dag.