Hopp til innhold

Stort spleiselag for ny flyhangar i Sogndal

Kommunane og verksemdene i Sogn vil spleisa på ein flyhangar til fem millionar kroner. Eit nattstasjonert fly på Sogndal lufthamn kan bety at fleire fly går når dei skal.

Sogndal lufthamn

JA TIL SPLEISELAG: Verksemder i Sogn får store ekstrautgifter når flya ikkje går som dei skal. Difor er dei positive til å spleise på kostnaden med hangar på Sogndal lufthamn.

Foto: © Avinor

– Eit fly som står på bakken i Sogndal, har mykje større sjansar for å koma seg til Bergen eller Oslo enn om det er eit innkomande fly som fyrst må landa, før det skal ta av, seier ordførar Jarle Aarvoll (Ap) i Sogndal og får støtte frå næringslivet:

– Me sender både personar og gods med Widerøe. At flya går slik dei skal, er avgjerande for oss. Eit spleiselag er me difor positive til, seier Tom Dyrdal, økonomisjef i Avery Dennison NTP i Gaupne.

Regjeringsmøte

Dei ni kommunane i Sogn regionråd har spleisa på å prosjektera ein ny hangar på Sogndal lufthamn Haukåsen. På grunn av mykje snø må ein hangar til for å ha håp om å få eit nattstasjonert fly, som kan auka kapasiteten og gi færre kanselleringar. I januar og februar i år har det vore 45 fleire innstilte fly på Sogndal lufthamn enn i same periode i fjor.

Måndag møtte Aarvoll og leiar i Sogn regionråd, Harald Offerdal (Ap), statssekretær Tom Cato Karlsen (Frp) i Samferdsledepartementet. Der la dei fram hangarplanen, som skal vera ferdig utgreidd i løpet av mai.

To spor

Avinor har gitt grønt lys for at ein hangar kan byggjast, men vil ikkje betala noko sjølv på grunn av storprosjekt på Gardermoen, Værnes, Flesland og Sola.

– Me kan gjerne seia at det er Avinor si oppgåve å byggja ein slik hangar, ikkje kommunane og bedriftene. Men då kjem ikkje hallen.

– Er det poeng i å ha ein hangar dersom det ikkje skulle vera vilje hjå Widerøe å stasjonera eit fly på Haukåsen?

– Nei. Men me må arbeida etter to spor samstundes, både å få på plass hangaren og samstundes arbeida mot Widerøe og Avinor for å få dei med å la fly stå i Sogndal over natta, seier Aarvoll.

Jarle Aarvoll, ordførar i Sogndal

UNNGÅ KANSELLERINGAR: Å ha ei fly ståande i Sogndal over natta, gir betre kapasiteten og aukar sjansane for at flya går når dei skal, seier ordførar Jarle Aarvoll (Ap) i Sogndal.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Ledige fly

Snart skal flykonsesjonane lysast ut på nytt. Dersom Widerøe igjen får kontrakten for Sogndal lufthamn, er det eit forhold som kan gjera eit nattstasjonert meir aktuelt.

Etter alt å dømma kjem flyselskapet til å frigjera seks 39-setersfly (Dash-8 100) fordi dei tek i bruk fleire 50-setersfly (Dash-8 300) andre stader i landet. Flyselskapet kan difor ha ledige fly som kan stå over natta på Haukåsen.

Positivt næringsliv

Mange verksemder i Sogn er positive til å spleisa på ein ny hangar. Ei av dei er, Avery Dennison NTP i Gaupne, som lagar logoane til ei rekkje vitgjetne fotballdrakter, som Arsenal, Barcelona og andre storklubbar.

Avery Dennison NTP sender trykkvarene frå Gaupne klokka halv fire om ettermiddagen. Neste dag blir varene leverte i alle dei europeiske storbyane. For at lustraverksemda skal kunna konkurrera i ein tøff marknad, må flya gå når dei skal, seier økonomisjef Tom Dyrdal.

– For det fyrste har me tilsette som reiser på oppdrag i Norge og utlandet. Så har me kollegaer som kjem hit for møte og opplæring. Og for det tredje er satsinga i Europa avhengig av at flya går når dei skal, slik at ikkje varene blir ståande på Haukåsen.