Det seier styreleiar Ole Aga i Norwegian Sail Training Association (NSTA), organisasjonen som står bak Tall Ships-arrangementa i Norge.
Tall Ship-arrangementet i Måløy sitt
slo ned som ei bombe i Vågsøy sist fredag. Kommunen slit , og nye 13 millionar i minus vil føre til omfattande kutt i tenestetilbodet.Lei seg
Aga er på vegner av Vågsøy veldig lei seg for det enorme underskotet i Tall Ship Races.
- Eg var sjølv i Måløy og dei leverte eit fantastisk arrangement. Tilbakemeldingane frå alle skutene som deltok har vore eineståande. berre så synd det gjekk så gale økonomisk, seier han.
- Har din organisasjon høve til å hjelpe Vågsøy ønonomisk?
- Nei, vi er ein liten organisasjon med ei slank kasse som på ingen måte kan hjelpe Vågsøy økonomisk.
For liten?
- Vågsøy er ein kommune med om lag seks tusen innbyggjarar. Er kommunen for liten til denne type arrangement?
- No viste det seg at Måløy var i stand til å levere eit veldig godt arrangement sett i frå deltakarane si side. Om kommunen er for liten til å få det til å gå økonomisk, skal eg ikkje uttale meg om, seier Aga.