Hopp til innhold

Her knuste raset seg ned mot gardane i dalbotnen

Bileta syner korleis raset knuste seg ned fjellsida mot gardane under. No er to familiar i Aurland evakuerte.

Ras på Skahjem i Aurland.

RETT NED: Heilt nede i dalbotnen ser vi gardane som blei råka av raset. På bileta kan ein sjå mykje lausmassar som ligg att i rasåra.

Foto: Aurland kommune

– Vi har fått rapporten frå geologen no i ettermiddag. Det som blir sagt er at den familien som er evakuert og ein familie til må evakuerast, seier ordførar i Aurland, Trygve Skjerdal.

Familiane blir evakuert fram til onsdag i første omgang.

Det er ganske mykje lausmassar som ligg oppe i fjellsida over desse gardane. I tillegg er det meldt temmeleg mykje nedbør.

Det blei ei temmeleg heftig oppleving for familiane på Skahjem .

– Vi sat på kontoret vårt og jobba litt seint då vi høyre at det begynte å buldre, fortel Inge Skahjem Tofastrud.

Familien på fire måtte flytte ut frå huset på Skaim i Aurland og over til ein nabofamilie etter at det rasa ned mot gardstunet deira i natt.

– Det buldrar nesten eit minutt før det gir seg. Når det roar seg lyser vi ut på tunet og blir møtt av takstein som har falle av taket grunna steinsprang. Vi ser også at det har gått steinsprang i taket på låven, fortel Tofastrud.

Etter ei synfaring med brannvesenet oppdagar dei kjempesteinar 100–150 meter frå bygningane.

– Det er eit under at dei ikkje har rulla vidare nedover. No i dagslyset ser ein dei enorme kreftene som har vore i sving, legg han.

Sogn Avis melde om saka først.

Steinras Aurland

RASA NED MOT TUNET: Store steinar rasa ned mot gardstunet på Skaim i Aurland i natt.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Ikkje opplevd før

Nils Tore Skahjem er svigerfar til Inge Skahjem Tofastrud og har budd på staden heile livet.

Har du opplevd noko slikt før?

– Nei, ikkje så dramatisk som dette. Det har kome steinar før, men ikkje så langt nede som dette og ikkje på hus, fortel han.

Tilbake på 1930-talet kom det ein stein gjennom taket på nabohuset, fortel han.

Ras på Skahjem i Aurland

HØGT OPPE: Det har samla seg mykje lausmassar i fjellet over gardane på Skahjem i Aurland.

Foto: Aurland kommune

Geolog skal gjere vurdering

– Det er ganske store steinblokker som har kome ned fjellsida. Dei har ikkje treft bygningar, men steinsprut har treft taket på eit bustadhus og ein fjøs og slått hol, fortalde Aurland-ordførar Trygve Skjerdal til NRK tidlegare i dag

– Ingen har kome til skade, la Skjerdal til.

Ordføraren fortel at området der raset gjekk er eit kjent rasområde. Steinane skal ha kome frå høgt oppe i lia og knekt ein del skog.

I føremiddag skal det vurderast om familien kan flytte tilbake. Geolog og dronepilot skal til Skaim for å synfare

– No sit kommunen i møte. Vi ventar på politiet og kjem også til å kontakte geolog, så blir det gjort ei vurdering på kva vi gjer vidare, seier ordføraren.

Familie fekk steinras mot gardstunet i Aurland

HØYRDE BULDRING: Inge Skahjem Tofastrud, sambuaren Ragnhild og døtrene Tiril og Hedda flytta ut frå huset i natt etter at det rasa. Her saman med bestefar Nils Tore Skahjem.

Foto: Arne Veum

På storleik med ein bil

Bjørn Sture Rosenvold bur på ein nabogard.

Han anslår at den eine steinen er på storleik med ein bil. Han er ikkje overraska over at det rasa så langt ned.

Kor rasutsett er det på Skaim?

– Fordi fjellsida er så nær vil det alltid vere fare for steinsprang. Vanlegvis legg det seg i ura, men no har det kome lenger ned, fortel han.