Laurdag morgon trefte kraftig vind og regn på Os, utanfor Bergen.
Uvêret førte til store skader idrettsanlegget til Nore Neste.
Store delar av taket er flerra opp, og ligg strøydd utover kunstgrasbana. Også sjølve bana har fått store øydeleggingar.
– Det er tøft å sjå øydeleggingane som er her. Det har openbert vore sterke krefter i sving, seier dagleg leiar Eirik Andre Hesthammar.
Dagleg leiar, Erik Andre Hesthammar, var tydeleg prega over øydeleggingane på fotballbana.
Foto: AGNIESZKA IWANSKA / NRKHan fekk telefon i dag tidleg av far sin, Stein Hesthammar.
Steinar Hesthamar var den første på idrettsanlegget etter uvêret.
– Det er heilt forferdeleg for idrettslaget, og barn og unge som er her til vanleg, seier han.
Både han og sonen er glade for at uvêret trass alt trefte tidleg på morgonen, og at det ikkje er skader på barn og unge.
– Dette er et idrettsanlegg som er i bruk kvar dag. Vi skulle ha to heimekampar klokka 11. Det er hell i uhell at dette skjer når det ikkje er barn og unge på anlegget.
No står att eit stort oppryddingsarbeid før bana igjen er speleklar, fortel Erik Andre Hesthammar.
– Begynte å regne som eg aldri har sett før
Også fleire tak har fått hard medfart i uvêret.
Deler av taket på ein firemannsbustad flog om lag 100 meter og treft ein husvegg. Ingen var heime i huset og ingen er skadde, melder politiet.
Det er også skade på eit anna bustadbygg, der taket skal ha letta og landa igjen.
Fire personar blei evakuerte.
Rene Dyngedal bur i området.
Ifølge han kom det plutseleg mykje vind, regn, lyd og tore omtrent samstundes.






Det kom brått mykje regn og vind på Os laurdag morgon.
PrivatHan tok ungane og løp ned i kjellaren i tilfelle det skulle komme plankar og takplanter.
– Det begynte å regne som eg aldri har sett før. Det var masse bråk og eg såg nesten ikkje ut vindauga.
Takstein ramla ned etter uvêr på Os.
Foto: Rene DyngedalFlygande trampoline
I same bustadfelt sto nabo Iselin Baldersheim i stuevindauget, for å filme uvêret til slektningar i Nord Noreg. Men plutseleg såg ho noko uvand i kameralinsa.
– Eg måtte gni meg i auga for å skjøne kva det var eg så, seier ho til NRK.
Det viste seg nemleg å vere ei trampoline, som flaug fleire meter over hustaka ved Skeisbotnen og Nore Neset;
– Det kunne gått skikkeleg gale. Trampolina kunne jo ha treft folk, men eg fant ho heldigvis igjen att når eg gjekk tur med hunden litt seinare.
Baldersheim fortel at ho og mannen tidlegare har vurdert å gå til innkjøp av ei trampoline til ungane sine, men at det ikkje kjem på tale etter dette.
Gult farevarsel for styrtregn
Uvêret har roa seg utover ettermiddagen.
Men ifølgje meteorolog Ingri Halland Soldal falt det meir enn 20 millimeter regn mellom klokka 09 og 10 i dag på Os.
– Vindstyrken kom med dei kraftige bygene.
Gult farevarsel for styrtregn på deler av Vestlandet.
Foto: meterologisk instituttMeteorologane sende ut gult farevarsel for styrtregn for ytre strok av Vestland fram til klokka 16 laurdag. Det er framleis moglegheit for torebyer utover kvelden.