Hopp til innhold

I dag håpar ho på ein gledeleg beskjed

Blant vegforkjemparar i heile Sogn og Fjordane er forventingane store i dag. Viktige signal om kva vegar som vil bli satsa på i åra framover blir lagt fram i føremiddag.

Marta Finden Halset

SPENT: Tidlegare ordførar Marta Finden Halset følgjer spent med når fagetatane legg fram sitt forslag til NTP i føremiddag klokka 10.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Klokka 10 legg transportetatane fram sitt forslag til ny Nasjonal Transportplan for dei neste tolv åra.

I Vik kjempar tidlegare ordførar Marta Finden Halsen i interesseselskapet for riksveg 13 å få skunda fram bygginga av ein tunnel gjennom det vêrutsette Vikafjellet.

– Både som styreleiar for Fjordvegen og som innbyggjar i Vik har eg store håp om at det ligg føringar som tilseier framskunding av oppstart for Vikafjellstunnelen, seier ho.

Store forventningar i veg-fylket

Også elles i Sogn og Fjordane er spenninga stor før fagetatane i dag legg fram sitt forslag til ny Nasjonal Transportplan, NTP. Forslaget blir svært viktig for politikarane, som endeleg bestemmer kor pengane skal brukast.

I ytre Nordfjord kjempar dei for å få ein så rask byggjestart på Stad skipstunnelen som mogleg. Langs europaveg 39 er det fleire strekningar sør for Førde som håpar å kome inn på NTP.

I indre Nordfjord er det klare forventningar om at dei skal få lovnad om pengar, slik at dei kan halde framdriftsplanen for bygginga av den indre E39-traseen. I fleire kommunar i Møre og Romsdal, Oppland og Sogn og Fjordane har det lenge det vore arbeidd for å få bygd ein ny tunnel gjennom Strynefjellet, med ein arm ned til Geiranger.

Ordførar i Stryn, Sven Flo, har bygd alliansar og forventar eit gjennomslag i det komande transportplanen.

– Dette har vore ei sak som har vore jobba med i lang tid, og vi har hatt ein god dialog med både departementet og fagetaten, sa han til NRK i januar.

– Står side om side

Når transportetatane legg fram forslaget sitt i dag, startar den politiske bataljen. Ordførar i opplandskommunen Vang, som kjempar for den siste opprustinga av E16 Filefjell, Vidar Eltun, skildra i førre månad kampen om samferdslemilliardane slik.

– Den er veldig tøff. Næringsliv og politikarar står side om side for sin region. Her er det meir region- og distriktspolitikk enn partipolitikk, fordi det er så viktig for den enkelte region.

Minner om vallovnader

I Vik fekk tidlegare ordførar Marta Finden Halset ein fot i NTP-dørsprekken i 2013 då Stortinget vedtok ei lita startløyving til Vikafjellstunnelen, men ikkje før kring 2023.

Når ein ny NTP skal bankast gjennom i Stortinget neste vår, kjem Finden Halset til å minna Frp, Høgre og KrF om dei vallovnadane dei gav i 2013 om å skunde fram bygginga av tunnelen gjennom Vikafjellet.

– No sit dei med makta og har moglegheit til å skunde på oppstart til 2018.