Hopp til innhold

Om ei veke startar bataljen om vegmilliardane

VIK (NRK): I Vik, Stryn, Valdres og resten av landet rustar ordførarane til vegkamp. 29. februar kjem nemleg transportetatane sitt framlegg til Nasjonal transportplan.

Olav Turvoll, Sven Flo, Vidar Eltun

EIT ÅR MED INTENS LOBBYVERKSEMD: For ordførarane Olav Turvoll (Vik), Sven Flo (Stryn), Vidar Eltun (Vang) ventar ein hard kamp om vegmilliardane fram til Stortinget skal vedta ein ny Nasjonal transportplan våren 2017.

Foto: Montasje

– Ein trygg heilårsveg gjennom Vikafjellet er ikkje berre viktig for Vik, men for heile regionen, med Voss i sør og Sogn i nord, seier Trude Undebakke.

Leiaren i Vik næringssamskipnad har samla eit tjuetals personar frå næringslivet, kommuneadministrasjonen og politikken i Vik til kveldsmøte med Statens vegvesen. Dagsorden: Tunnel gjennom det hyppig vinterstengde Vikafjellet.

29. februar legg nemleg dei statlege transportetatane fram sitt forslag til Nasjonal transportplan (NTP). I Vik kvesser dei argumenta for å sikra at tunnelen dei har kjempa for i femti år, framleis skal vera med.

Tøff, politisk batalje

– Me er skikkeleg spente på kva som kjem 29. februar. Me legg ein plan for å påverka i alle dei kanalane me kan, seier ordførar Olav Turvoll (Sp) i Vik.

Olav Turvoll

KJEMPAR FOR FRAMSKUNDING I NTP: Ordførar Olav Turvoll (Sp) forventar at Frp, Høgre og KrF held lovnaden om å flytta fram bygginga av ein tunnel gjennom det vêrutsette Vikafjellet.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Over heile landet blir det no lagt slagplanar for intens lobbyverksemd i året som kjem. Når transportetatane legg fram forslaget sitt på skotårsdagen, startar nemleg ein veritabel politisk batalje.

Ordførar i Vang i Oppland, Vidar Eltun (Ap), skildrar kampen om samferdslemilliardane slik.

– Den er veldig tøff. Det blir brukt mykje ressursar. Politikarar og næringsliv står skulder ved skulder for regionen sin. Her er det meir distriktspolitikk enn partipolitikk, fordi vegprosjektet er så viktig for kvar einskild region.

Redd for NTP-skvis i Valdres

Neste vår skal Stortinget vedta ny Nasjonal transportplan for dei komande tolv åra. Å koma med der er avgjerande, ikkje minst i den fyrste planperioden, der det ligg sterkast politiske føringar.

Ras Vikafjellet søndag 19. april

RAS- OG VÊRUTSETT: Vikafjellet er ein av dei hyppigast vinterstengde riksvegane i landet.

Foto: Bjørn Vedå

I Valdres kjempar alle kommunane for å få fullført opprustinga av E16 over Filefjell. Men no er ordførar Eltun uroleg for å bli skvisa ut, fordi regjeringa ikkje lenger vil ha E16 som stamveg mellom Vestlandet og Austlandet.

– Ja, det er me. Sjølv om E16 har vore prioritert gjennom å vera stamveg med vedtak i Stortinget i 1975 og nytt vedtak i 1992, så har ikkje vegen blitt bygd ut hundre prosent. Å vera prioritert i NTP er difor veldig viktig for å få fullført utbetringsarbeidet, seier Eltun.

Alliansebygging for Strynefjellet

I Møre og Romsdal, Oppland og Sogn og Fjordane blir det arbeidd for å få bygd ein ny 17 kilometer lang tunnel gjennom Strynefjellet, med ein arm ned til Geiranger. Prislappen er om lag fire milliardar kroner.

For å få gehør har ordførar Sven Flo (H) i Stryn bygd alliansar.

– Me har jobba med tunnelen i lang tid og har hatt god dialog med både Samferdsledepartementet, Statens vegvesen, dei tre fylkeskommunane og ei rekkje kommunar som er knytte til denne vegen.

Favoriserer høge trafikktal

Tilbake på vegmøtet i Vik legg senioringeniør Kjell Kvåle i Statens vegvesen fram kriteria til Samferdsledepartementet i NTP-arbeidet:

Kjell Kvåle

TUNNELMØTE: – Vikafjellet var ein viktig omkøyringsveg under brannane i Gudvangatunnelen i 2013 og 2015, seier senioringeniør Kjell Kvåle (t.h.) i Statens vegvesen, her saman med (f.h) kollega Svenn Finden, H-politikar Morten Midlang og tidlegare Vik-ordførar Erling Stadheim.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Samfunnsøkonomien skal telja sterkt, altså vegar som kortar inn reiseavstand og reisetid. Det betyr at det gjerne er dei delane av landet med høge trafikktal som kan koma best ut.

– Det er eit kriterium som til dømes Vikafjellstunnelen ikkje vil skåra spesielt høgt på?

– Nei, Vikafjellet, i lag med mange andre vegprosjekt, har forholdsvis låge trafikktal, så her må dei bruka andre argument, som til dømes omsynet til samfunnstryggleik. Dessutan kan nok dei hyppige vinterstengingane vera eit sentralt argument, seier Kvåle.

Kjempar for framskunding

Vikafjellstunnelen kom med då Stortinget vedtok gjeldande NTP i 2013, med oppstart ikkje før tidlegast i 2023.

Trude Undebakke

VIL STYRKJA MIDTRE VESTLANDET – Ein trygg heilårsveg gjennom Vikafjellet er avgjerande for å byggja ein større bu- og arbeidsmarknadsregion frå Sogn til Voss, seier leiar Trude Undebakke i Vik næringssamskipnad.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

I valkampen for tre år sidan lova både Frp, Høgre og KrF å skunda fram byggjestarten. Dette blei òg nedfelt i partia sine merknader då Transportkomiteen på Stortinget handsama planen.

At fleirtalet på Stortinget held det dei lova veljarane, er avgjerande for å knyta regionane i midtre og indre Vestlandet saman, seier Trude Undebakke i Vik næringssamskipnad:

– Det er heilt essensielt for vidare utvikling og vekst i regionen. Ein trygg tunnel gjennom Vikafjellet vil knyta sogneregionen på nordsida av fjellet saman med vossaregionen, jernbane, internasjonal flyplass og vestlandshovudstaden Bergen.