Hopp til innhold

Snittmålinga tek knekken på råkøyringa

Etter ei veke med snittmåling har berre sju køyrd for fort i Lærdalstunnelen. Same veke i fjor vart 57 tekne med for høg fart i fotoboks.

Gjennomsnittsmåling i Lærdalstunnelen

FINARE KØYRING: Fredag for over ei veke sidan erstatta snittmåling fotoboksane i Lærdalstunnelen. Det har gitt gode resultat.

Foto: Jon A. Lien / Statens vegvesen

Fredag for over ei veke sidan vart det slutt på fotoboksar i Lærdalstunnelen då gjennomsnittsmålinga tok over. Det inneber at alle bilar som køyrer inn i tunnelen vert tekne bilete av både då og ved det andre kameraet i målestrekka. Tiltaket har så langt vore ein stor suksess.

– I løpet av den veka har det vore målt 2684 bilar og det er berre sju overskridingar, med 92 kilometer i timen som høgste fart. Det vil seie 0, 26 prosent av den målte masse, seier trafikkoordinator i Sogn og Fjordane politidistrikt, Bjarte Engevik.

Enorm forskjell

Bjarte Engevik

TILFREDS: Trafikkoordinator i Sogn og Fjordane politistrikt, Bjarte Engevik.

Foto: Politiet

Same veke i fjor vart 57 førarar tekne med for høg fart.

– Vi snakkar ein åttegang i forskjell, seier han.

Lærdalstunnelen har no verdas lengste strekkje for snittmåling, men dei er ikkje den første. Fleire andre stader har dei hatt god erfaring med eit slikt tiltak. Difor er ikkje Engevik overraska.

– All forsking viser at dette er svært effektivt og førebyggande i ulukkessamanheng, så det var ikkje overraskande at vi skulle få eit atskilleg lågare tal enn ved fotoboksmåling.

– Det er vi svært nøgd med. Det fungerer etter prinsipp og etter dei forskingsresultat som er gjort på dette, seier Engevik.

– Ikkje godt å spekulere

Han har god tru på at suksessen vil halde fram.

– Eg kan ikkje forstå at dette ikkje skal kunne byggast vidare ut med dei resultat som no ligg føre.

Snittrafikken gjennom Lærdalstunnelen var i 2012 på 1896 køyretøy i døgnet. I sommarmånadene er det meir trafikk og i juli i fjor var det i snitt 3221 køyretøy som køyrde gjennom tunnelen kvar dag.

I 2012 var det 384 sjåførar som fekk forenkla førelegg for høg fart i verdas lengste. I tillegg har fleire mista lappen for altfor høg fart.

– Eg trur det er svært førebyggande at ein veit at på den strekka vert det rekna ut eit gjennomsnitt, og då er det ikkje så godt å spekulere mot ein boks som ein kanskje veit kor er plassert. Så dette trur eg er ein god måte å få ned farten på. Desse tunnelane er veldig farlege i ulukkessamanheng, så vi er veldig glade for at vi har fått det til i Lærdalstunnelen, seier Engevik.

Jon A Lien

STARTA SNITTMÅLINGA: Her sette Vegvesenet sin Jon A. Lien i gang snittmålinga.

Foto: Jon A Lien